24. januar 2010

Det er ein kamp og ein strid, som kompisen min plar seie

Jaudå, eg blei hekta, eg òg. Ikkje heilt med det same, ved første setning eller avsnitt, men såpass raskt at eg ikkje klarte å legge ned boka i går kveld, sjølv om eg var stuptrøytt.

No tvinga meg sjølv til å ta ein pause, gå ein lang tur, gjere noko anna.
Eg er tilbake, kald på låra, det iser i dei, ute grånar det, eg har sett barn spele ishockey på ei stor bane, kjent meg utanfor alt som er verkeleg, som om det som er eg føregår på innsida av ei hinne, i ei heilt anna verd. Det er ikkje berre Knausgård sin feil, det er min feil, òg. Det er der eg er no: Verda består av tekst, lese, skrive, tenke på. Eg kjenner meg ukonsentrert i høve til alt anna, det er ei rar kjensle, ikkje berre god. Kanskje gjer ho meg endåtil litt trist. Like sann som ho er uverkeleg.

3 kommentarer:

heklehatt sa...

og hva passer vel bedre da enn å ta en kaffe med en gammel venn og en ny liten skapning?? mailer deg!

Ingrid sa...

He, he, jeg ble også helt hekta. På en flyreise er det ikke stort annet å gjøre enn å lese, og det ga meg den roen jeg trengte for å pløye meg gjennom de hundre første sidene. Sist uke fikk jeg ikke lest stort, men denne uka skal jeg sette av mer tid til kampen.

Aina sa...

heklehatt:
kan faktisk ikkje kome på ein ting som passar betre. mail meg!

Ingrid:
akkurat no er eg så trøytt at eg nesten døyr, men kjem nok likevel til å vakne forskrekkeleg merkverdig til når eg legg meg i senga med MK1 om ein times tid.