20. desember 2009

Rekvisittar for eit liv



Aasentunet har laga ei nettutstilling med rekvisittar frå Ivar Aasens liv. Fleire forfattarar har skrive nye, skjønnlitterære tekstar om og med gjenstandane, deriblant Inger Bråtveit, Ragnar Hovland, Selma Lønning Aarø, Rønnaug Kleiva og eg.

Her er eit lite utdrag frå min tekst, Trekkpapirvalsen. Viss de vil lese den og dei andre tekstane kan de gå inn HER og klikke på bileta av dei ulike gjenstandane.

Eg ser han tydeleg. Der sit han.


I lyset som fell skrått inn gjennom vindauget. Eit kvitt lys, eit vinterlys tidleg om ettermiddagen.


Han sit på stolen, held pennen i handa. No dyppar han pennen. Papiret ligg på skrivebordet. Eg ser ikkje kva som står der, berre linjene i den skrå, taggete skrifta hans. Han blir sitjande med pennen i handa. Andletet hans i det kvite lyset. Han let att auga. Han opnar dei igjen.

Ingen kommentarer: