21. desember 2009

Julebøker frå det lokale biblioteket


Då eg var lita heldt det aller mest lokale biblioteket til på skulen min ute på øya. Eg brukte å gå der dei tre timane det var ope kvar onsdag, det var ikkje så stort utval, men det som var der verka forlokkande på ei ung, søkande sjel. Eg lånte barnebøker, ungdomsbøker, seinare gjekk eg over til Agatha Christie og noko i den meir smusslitterære kategorien av vaksenlektyren, slike bøker om vakre, unge, rike, einsame kvinner på store, luksuriøse gods i ei fjern fortid som minner om attenhundretalet og deira møte med den brennande kjærleiken, gjerne i form av ein pirat eller liknande.
No vel. The times they are a-changin´.

I dag besøkte eg det som i dag er det lokale biblioteket her ute. Det ligg i rådhuset på naboøya og er overraskande innhaldsrikt. Særleg interessant var det å sjå at dei har skilt historiske romanar ut frå den øvrige skjønnlitteraturen, noko som tyder på ei særleg interesse for denne subsjangeren i desse kystlege strøk, og at desse utgjorde fleire fag i biblioteksreolane. Dei hadde også ei eiga hylle for ny litteratur, der eg såg fleire av haustens bøker, og litt ekstra gledeleg var det å sjå at Mette Karlsviks Pol (2008) stod utstilt i hylla.

Eg tok meg god tid og saumfor alle hyllene med skjønnlitteratur, frå A til Å, eller omvendt. Det var mykje eg kunne tenke meg å lese, men magekjensla stemte ikkje heilt. Ikkje no, sa eg til meg sjølv, kanskje seinare, når eg kjem tilbake til byen, men ikkje no, som det er jul og eg er her ute.

Så eg landa på desse tre: Siss og Unn av Inger Bråtveit, Ingen reell fare av Rønnaug Kleiva og Jeg skal vise dere frykten av Nikolay Frobenius.
Så får vi sjå. Om eg les, om eg liker, om det passar.

Eg har i tillegg teke med meg to halvlesne bøker (eg klarte ikkje legge dei att): Ute av verden (den evige Knausgård) og Deilig er jorden (Marit Tusvik). Eg lurer også på om eg skal gjenlese Hobbiten (Tolkien), av ein eller annan grunn kjennest det juleaktig, kanskje fordi eg las mi eiga utgåve ut ei jul, etter å ha funne henne innpakka i glansa papir under juletreet. Ei gåve frå min dåverande kjære, trur eg. Eller kjøpte eg henne sjølv? Minnet sviktar, eg kunne ikkje svart på Hovlands spørsmål frå siste Innside i Dag og Tid om eg hadde villa: Kva er den mest overraskande julegåva du har fått? Og: Kva er den mest skuffande? (For Hovlands del: Bandykølle og kvite ullstrømpebukser.)

5 kommentarer:

Avil sa...

hahaha, kvite ullstrømpebukser til ein gut/mann. Stygt gjort.

Det lokale biblioteket endrar seg ¨på så mange vis. Veldig, veldig rart å gå dit no, og møte desse damene utan alder som ser litt forvirra ut, men som har stålkontroll inni seg likevel, og spørje etter ei bok, og så seier dei "ja, og så har me sett boka di der borte, med ny litteratur, men den kjem nok over i fantasyhylla etter nyttår eingong". Og så veit dei kven eg er, og e raudnar, og eg får lyst til å bli svulstig og seie noko til dei om å skrive og p vekse opp på biblioteket deira, men så seier eg ingenting likevel.

Lille søster sa...

Avil, du må si noe neste gang, de kommer til å bli glade!

Avil sa...

Eg får kanskje våge meg frampå. Skal vere stille på biblioteket, veit du.

Aina sa...

Eg elskar bibliotek og bibliotekarar, særleg ved mindre filialar. Ho vi lånte av i går har den nydelegaste Vinje-dialekta, og ser akkurat ut som ein stereotyp bibliotekar med husflids-strikkajakke og oppsett, gråleg hår, ikkje sminke, stålkontroll, veldig venleg og imøtekomande.

Mettemor sa...

Ha ei god bokjul! :-)