25. november 2009

Skriv ein betre av å lese god litteratur?

Eg balar med manuset. Det er som eg vil noko meir med dette språket, men det buttar imot, ei kraftanstrenging må til for å få hol på det. Av og til glepper det, ei rivne mellom meg og det eg vil trenge inn til. Men så er det stengt igjen, det hjelper verken med telys eller konsentrasjon.

Eg les heile tida mykje. Lesinga mi har dreidd frå å vere hovudsakleg handlingsorientert til meir språkorientert. Eg leiter etter desse bøkene som utfordrar forma og språket, men som samtidig treffer meg kjenslemessig, utan at det blir platt og banalt. Det synast ofte å vere sjeldsynt at desse to (tre) elementa samanfell i same tekst. Det formmessig og språkleg eksperimenterande blir ofte kaldt, overflatisk, slik eg ofte kan oppleve delar av samtidskunsten: berre form, men ikkje innhald.

Eg søker etter bøkene som har alt. Eg les difor forfattarar som Tomas Espedal, Virginia Woolf, Paal-Helge Haugen, Jon Fosse, Tarjei Vesaas. Og eg leiter. Eg håper noko smittar over på meg. Ein måte å opne språket på, slik at spennande handling kan kombinerast med spennande språk. Noko nytt. Men går det? Skriv ein betre av å lese god litteratur? Eller blir ein berre ein god lesar?

12 kommentarer:

Bharfot sa...

Det var akkurat dette jeg mente på Twitter her om dagen. Jeg håper at det smitter. Men kanskje ikke så direkte, ikke umiddelbart, selv om andres tekst kan sette meg i en bestemt stemning, og det ser jeg at påvirker språket også.

Merker også at hva jeg leser henger sammen med hva jeg skriver på i den perioden, uten at det er planlagt. Lenge var det f.eks sånn at tenkte jeg plott eller struktur, så valgte jeg krimromaner. Det var ikke bevisst, jeg fikk bare lyst. Så kunne jeg tolke meg selv: aha, du vil lese krim, sliter du med intrigen nå eller? Mens det å skulle skrive stemninger, eller revidere manus, øker behovet for å lese godt språk og gode metaforer.

annkolaas sa...

Eg trur definitivt at ein skriv betre av å lese god litteratur. Det er ikkje alle som blir glitrande forfattarar, men ein tenkjer nok meir over både språk og handling i eigne og andre sine tekstar. Og blir dermed stadig betre.

Tenk deg to personar som er flinke til å skrive. Eine personen les berre kiosklitteratur som "Det Sanne" osv, medan andre personen les kjende klassiske verk. Kven trur du skriv dei beste tekstane? Det treng ikkje nødvendigvis vere personen som les klassikerane, men han/ ho har nok det beste utgangspunktet når det gjeld å utvikle seg i tekstane sine. Trur eg i alle fall.

Unknown sa...

Jeg tror man skriver bedre av å lese. Dårlig og god litteratur. Iblant skriver jeg helt ubehjelpelig, uansett.
Noen ganger kan det hjelpe bare å skrive et blogg-innlegg. For å komme igang.
Den gamle oppskriften er jo å skrive og stryke, - og stryke igjen. Nå er jo du kommet i proffenes rekke... da er det straks vanskeligere. Vi kan ikke alle skrive som Knausgård.
Heldigvis. Dessverre.

Anonym sa...

Hanne Ørstavik gjer meg mykje (eit vakkert og knapt språk med eit hav av djupne) les boka Kjærlighet om du ikkje har gjort det! Tek eit par timar, men du kan hente mykje inspirasjon derifrå!

Jørn Roeim sa...

Klart man skriver bedre av å lese. Det er ikke for ingenting at det å lese og det å skrive henger så nært sammen. Men i din situasjon akkurat nå er det ikke sikkert du kommer noen vei ved å lese. Akkurat nå tror jeg kanskje det er lurt å ikke lese, bare gå inn i deg selv og prøve å finne svaret der. For nå er det avleiringene av lesingen, det vil si det du har gjort til DITT av det du HAR lest, som du skal frem til. Tenker jeg.

Anita sa...

For å svare på spørsmålet ditt; JA, jeg tror definitivt man blir bedre til å skrive dersom man leser mye. Det er jo ikke uten grunn at man skal lese for barn, oppmuntre de til å lese selv etc.

kvilelaus sa...

Den som vil bli god til å skriva, bør ganske sikkert lesa ein del. Men like viktig som å lesa mykje er truleg det å lesa variert. Dessverre er det altfor sjeldan ordet «velskriven» blir brukt om anna litteratur enn skjønnlitteratur. Personleg har eg hatt mykje større utbytte av fag- enn skjønnlitteratur dei siste åra.

Og så er det sjølvsagt viktig å skriva mykje.

Aina Basso sa...

Ein kan ikkje skrive utan å lese, men ein kan ikkje skrive utan å skrive, heller. Så sant som det er sagt.

TM:
Eg opplever ikkje at eg kan stenge av lesinga fordi eg skriv. Ettersom eg skriv heile tida, i ein ujamn, men kontinuerleg straum, som eg til no har halde gåande dei siste tjue åra, må skrivinga rett og slett berre innfinne seg med å bli iblanda andre sine tekstar. Eg må lese. Like mykje som eg må skrive. Men blir eg betre av det? Eg blir iallfall meir sjølvkritisk, meir klar over kva eg _ikkje_ kan.

Avil sa...

Eg blir ein veldig trist forfattar (haha, ja, tenk å kalle seg det, så pretensiøst, så fullt av seg sjølv, så smaklaust og ukledeleg for ein debutant som ikkje eingong er omtalt i Klassekampen eller Morgenbladet og som Vagantfolka ville fått små, blemmeaktige utslett på littvitfingrane av å ta i) av å lese svært gode tekstar som er svært forskjellig frå det eg sjølv driv med.


Slike kortkorte prosatekstar, sjølvrefleksive til det lyriske, tek nesten motet frå meg.

Eg blir ein glad forfattar (så passande å vere storvegs nøgd og storvegs storslagen når ein skal skrive! så naudsynt og riktig å kalle seg ved rette namn, kven faen er desse som vil halde meg og andre forfattarar nede, har dei lese boka mi kanskje, hæ? HÆ? Yppar du? Eg skriv episk og digert og likevel nært og vakkert og eg er dritgod og alt eg tar i blir gull, faktisk) når eg les ypparlege tekstar innan eigen sjanger, eller svært gode tekstar i same format som eg sjølv arbeider. Eg får lyst til å skrive, eg får idear, eg tenker "aiai, visst faen, det der må eg vere merksam på".


Men blir eg betre?


Ein blir i alle fall ingen god forfattar av å miste motet og la vere å skrive.

Aina Basso sa...

Eg trur det er viktig å
1. lese det som har nytte for deg sjølv i forhold til ditt eige prosjekt
2. lese det som gir deg mot(ivasjon), ikkje det som tek det frå deg
3. eller drite i å lese dersom det funkar best

Avil sa...

Ja, og heldigvis - HELDIGVIS - les eg (nesten) ingenting FOR å bli ein betre forfattar. Eg les fordi eg likar.

Aina Basso sa...

Ja, det er nok det viktigaste. Punkt nr 1!