28. november 2009

På tur med dansebåten


I vintermørkret mellom Oslo og København glir eit opplyst skip gjennom natta. Lyslenker strekker seg frå baug til mast, vindauga lyser venleg, og meterlange skumblonder driv i kjølvatnet. Det er november, det er søndag, det er gratistur med danskebåten.

Sunnmøringar reiser sjølvsagt også med danskebåten, men for meg er dette ein jomfrutur. Eg har aldri teke danskebåten før, men tok éin gong Kielferja, så det er med skrekkblanda fryd eg mønstrar på. Det er nokre år sidan Kielturen, no: Eit tjuetals unge historiestudentar på tur, eg lykkeleg nyforelska, og alle i glitrande stemning. Nokre meir glitrande enn andre. Dei gladaste byrja festen allereie då bussen køyrte frå Trondheim kvelden før. Dei festa seg nedetter E6 og sovna ein stad mellom Lillehammer og Oslo. Dette var første gongen eg høyrte ”On the Road Again” (and again), og det skulle gå mange år før eg gjorde det igjen frivillig.

På Kielferja fortsette det som det hadde byrja. Vorspiel på lugaren, rundar med shots i pianobaren, høgrøysta hoiing når Arja Saijonmaa viste seg på scena i kvit, glitrande gallakjole og ville ”tacka livet/ som gett mig så mycket” - påfølgjande bruk av strategisk plasserte kvite papirposar, og snorking på bussen, heile vegen til Hannover.

Klok av skade plasserer vi oss i skipets vinbar, der det ikkje er musikk, ikkje eingong ein trubadur som syng ”Tears In Heaven”. Sidan vi er der åleine får vi det beste bordet, med utsikt til eit svart ingenting. Kelneren tilrår ivrig vinar tilpassa våre forskjellige ganer, og vél ikkje akkurat dei billegaste, skal det vise seg når rekninga kjem.

Middagsvalet står mellom ymse variantar av biff og pommes frites, julemat-buffet eller Gourmet-restaurant. Sidan vi reiser gratis bestemmer vi oss for det siste og drikk god vin til ein høveleg god treretters middag. Etter middag seier venninna mi med eit flir at vi alltids kan gå på Columbus bar, der det er levande musikk. Ja, vi kan jo gå innom og sjå, seier eg, og blir umiddelbart bergteken av cruiseskipestetikken. Her er rekker med blinkande lys i taket, stolgrupper med små lamper på kvart bord og digre julekuler overalt. Vi kan jo ta éin drink, seier eg, og setje oss ei stund…!

Båten er ikkje akkurat full, men det er her dei fleste samlar seg. Godt vaksne og endå vaksnare kastar seg hemningslaust ut i dansen side om side med nokre få av den yngre garde, med eller utan partnar. Bandet speler hit etter hit, og eg og venninna mi syng med og held takta der borte i sofakroken, med vekslande grad av ironisk distanse. Ein del av meg har lyst til å slenge seg utpå, men eg blir sitjande, og byrjar forstå korfor folk reiser med dans(k)ebåten. Dei har det jo gøy! Kor ofte har ein høvet til å danse på denne måten?

På veg tilbake til lugaren tek vi ein sveip oppom diskoteket Heaven eleven, som er nærast folketomt. Dei einaste der er ein liten, ravande gjeng i 30-årsalderen, der to av mennene har gjennomsiktige plastposar på hovudet og blir ekstatiske over endeleg å sjå nokre fleire ”unge folk”. Vi gjer retrett, sjølv om dei kallar oss både ”lame” og ”old” når vi forsvinn ned dei teppelagte trappene. Vi let oss ikkje affisere. Kongens by ventar. Tid for å lade opp kredittkortet.  

Laurdagsspalte i Nationen, 28.11.2009. 

3 kommentarer:

Kirsten M sa...

Fint og gjenkjennelig!

Aina sa...

Takkar for det, Kirsten!

Tehme Melck sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.