22. november 2009

Ei språkleg sorgperle


Boka eg no har lese har det vakraste omslaget eg nokosinne har sett. Det er relevant å trekke dette fram i samanheng med boka, for det er forfattaren sjølv som har teke fotografiet, og viser etter alt å døme hans eige arbeidsrom.

Dagbok av Tomas Espedal omhandlar ein tung epoke i forfattarens liv, nemleg døden til hans kone, og arbeidet med skrivinga av boka Gå. Eller kunsten å leve et vilt og poetisk liv. Det er ei trist og vakker lita bok, ei bok eg tenker at eg bør lese fleire gongar. Språket er utsøkt, han arbeider med språket, skriv elegant, skriv godt (som "Karl Ove" påpeiker og han tek til seg som kritikk), han vil skrive mindre kontrollert, han vil sprenge grensene, gå vidare, utvikle seg frå det han kan, utforske det mulege.

Dagbok er ei bok med enormt mange fine tekstutdrag som eg kunne sitert her, både om sorg, skriving, om å vere far, om å miste dei næraste, om å bli sjuk, om å gå vidare.

19 


Jeg vil skrive. Det er tirsdag den første oktober: Jeg ser jo nå at denne ensomheten vil falle dobbelt ut.


Kanskje, hvis du går baklengs ut døren, og hvis du fortsetter videre ned grusgangen, hvis du stopper i porten og snur deg og ikke ser deg tilbake, vil du kunne gjenopplive huset; det er dødt, men på avstand, når du står med ryggen til, er det noe som våkner.


Ikke kast et blikk tilbake. Ikke tro at du kan bli sett. De ser deg ikke. De er i ferd med å våkne, foreldreløse, du går ut porten og opp til høyre mot hovedveien, forbi hagene og gjerdene, og hvis du snur deg nå, kan du se huset synke i jorden.

9 kommentarer:

Janicke sa...

Jeg syntes dette er en nydelig bok. Helt enig med deg, omslaget står til innholdet: det er vakkert og poetisk.

Anonym sa...

Jeg likte også boka godt. Her har jeg skrevet om det: http://knirk.wordpress.com/2009/03/13/dagbok/

Anonym sa...

Har nylig lest Dagbok på nytt, jeg har den i tre eksemplarer, ett til å låne bort og ett til ha i veska, sånn for sikkerhetsskyld.

Aina Basso sa...

Ja, veldig fin. Må lese meir av Espedal!

aapedersen:
Tre eksemplar? Det står det respekt av!

kvilelaus sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
kvilelaus sa...

Eg lånte nettopp ei anna bok av denne forfattaren. Han skriv godt, ja. Veldig godt, til tider – sjølv om også han har tendensen til dei utflytande, halvt upresise oppramsingane som er så vanlege i norsk samtidslitteratur. Han bruker komma der han i staden burde ha sett punktum, og iblant set han ikkje komma der det skal vera det ifølgje vanlege reglar. Semikolon er hipt for tida, men det hippe ved semikolon er, meir presist, å bruka det i staden for kolon – altså feil. Espedal bruker semikolon korrekt, men dessverre også på den hippe måten.

Kommentarane eg har til skrivemåten, er kanskje først og fremst ein kritikk av dei slurvete forlaga vi har i dette landet.

Akkurat idet eg skulle avskriva Espedal som ein livsfjern type som berre bruker verb i infinitiv, tar han til å skriva om pengar. – Ja, denne fyren har sanneleg eit og anna å fara med!

Likevel er eg ikkje sikker på kor tett opptil hans eige liv bøkene ligg. Boka eg no les, er ein samanhengande rangel – ei reise i baklomma på ein libertiner. Dette harmonerer ikkje heilt med livssituasjonen i dagboka, slik eg har fått innhaldet i den referert. Ein person kan ikkje leva alle liv. Det er derfor vi har litteratur.

Takk for tipset om ein interessant forfattar! Det er lenge sidan eg har lese norsk samtidslitteratur med begeistring.

Aina Basso sa...

Er semikolon hipt? Verkeleg? Kva slags referansegrunnlag har du for den påstanden? Eg oppfattar nemleg semikolon som noko som i største del høyrer eldre litteratur til, Ragnhild Jølsen og hennar samtidige var store tilhengarar av semikolon, om eg ikkje hugsar feil, samt desse evinnelege... etter ei kvar setning.

Når du elles skriv at du ikkje les samtidslitteratur med begeistring, må eg innrømme at eg undrar litt over kva slags samtidslitteratur du har lese før denne boka. Vel er Espedal ein einar, men der er mange andre eg kunne tilrådd deg, òg.

kvilelaus sa...

Feil bruk av semikolon er hipt. Kanskje er det ikkje-bruk av kolon som er det hippe, slik at ein i staden set semikolon.

Aina Basso sa...

Eg trur ikkje verken kolon eller semikolon er spesielt hipt for tida. Iallfall ikkje for meg. Men eg er jo imot dei fleste andre teikn enn komma og punktum. Inkludert utropsteikn, tankestrek og særleg prikkprikkprikk. Men av og til må det med. Kanskje er det også slik med (semi)kolon.