6. oktober 2009

Ein "frodig" forfattar

Eg har lenge vore nyfiken på Vigdis Hjorth. Kva slags forfattar er ho? Er det noko for meg, det ho skriv? Kan eg stole på dei som har tilrådd henne for meg? Stemmer det at forfattarskapen hennar er "frodig", som Cappelen Damm reklamerer med no i nylanseringa av bøkene hennar i pastellpocket, i samband med femtiårsdagen hennar, eller er han også noko meir?

Eg har jo lese det ho somme tider har skrive bak på Morgenbladet, eg har lese intervju med henne, mange intervju, eg har høyrt henne underhalde på Litteraturfestivalen i Lillehammer, eg har sett henne på tv. Eg har lese uttalingane hennar om at det blir sagt at forfattarskapen hennar handlar om sex og alkohol, men at det er mykje meir der. For dei som gidd å lese.
No har eg gidda å lese og eg har lese Hjulskift.

Hun ser på ham, på avstand og ser ham for seg sånn han ser ut når han elsker. Derfor heter det kle av med blikket, det er det hun gjør. Er hun i ferd med å degenerere til mann? Hvorfor har ikke det skjedd før? Fordi hun har vært opptatt av hodet, av ordene, samtalene, ikke har brukt øynene, men ørene, har vært innovervendt, vendt mot seg selv, lyttende først og fremst til seg selv, og ikke hatt øye for verden?

Det handlar om litteraturprofessoren Louise, 46 år, relativt livslei, som innleier eit forhold til den nokså barske og nokså uutdanna bilselgaren Truls. Ein klisjé? Jau, sjølvsagt. Men dette er ikkje ein enkel feelgood-kjærleiksroman som Grabben i graven bredvid eller ein dampande sexroman om eit forhold til forveksling likt forholdet Ally McBeal innleier til den velutstyrte aktmodellen i serien med same namn (som Ally McBeal, altså).

Dette er ein roman som eigentleg ikkje (berre) handlar om kjærleik, men om heilt andre ting. Om fordommar, om utvikling, om klasse, depresjon, kvinneliv, manneliv, og med eit høgt refleksjonsnivå som iallfall eg fann svært interessant. Vigdis Hjorth tek ting på kornet.
I tillegg er det drivande god lesing. Eg las ut denne boka i løpet av eit døger. Eg klarte ikkje legge henne frå meg.

Det er også ein del å kjenne seg igjen i. Sjølv kjente eg meg vekselvis igjen i professoren Louise og proletaren Truls. Her er eit utdrag eg særleg kjenner meg igjen i, frå når Louise treffer familien til Truls for første (og kanskje siste?) gong.

De snakker mye om maten. Det er et koldtbord Truls har bestilt av Merete, som er datteren til Svein som gikk på skolen sammen med Rolf. Hun er flink til å lage koldtbord, hun Merete. Går bra den butikken der. Han har bestilt til atten personer, for de er atten personer, men det er mye mer enn de klarer å spise opp. De snakker mye om hvordan de skal greie å spise opp all den maten, og hva de skal gjøre med den de ikke greier å spise opp. Om alle har smakt på alt Om at de nesten holder på å glemme karbonadene som må varmes i mikrobølgeovnen. At de snart sprekker hvis de spiser mer. Om Louise har smakt på laksen? Jada. Den var god! Fisket i Telemarksvassdraget kanskje? Det kan være vanskelig å vise sin imøtekommenhet og vennlighet når man allerede flere ganger har sagt at maten er god.

Ein ting er iallfall sikkert. Eg kjem til å lese fleire bøker av denne forfattaren.

10 kommentarer:

kristin sa...

Jeg hadde AKKURAT den samme opplevelsen med Vigdis Hjorth for to måneder siden – og leste også Hjulskift for så å bli positivt overrasket.

Anonym sa...

Å, Hjulskift, den er heilt herleg! Hysj er heller ikkje dum, og den som heiter 17.12 til Tønsberg, eller noko sånt.

Anita

Midifila sa...

Og eg kjeda meg.
Ja, ja, sånn er leselivet:)

Men eg likte Drama med Hilde ein gong i verda.

Aina Basso sa...

Eg forstår ikkje no korfor det tok meg så lang tid, men om eg skal vere heilt ærleg har det med for(-)dommar å gjere (ja, både vanlege og i Gadamers forstand). Eg skal iallfall lese meir, er faktisk litt utolmodig. Kanskje den siste boka er neste bok ut? Takkar elles for tipsa, Anita!

Og Midifila: Vi kan ikkje like alt, alle. Heldigvis.

Avil sa...

Eg trur du skal lese Om bare.
Trur eg den heiter. Eg gløymer slikt. Men eg gløymer ikkje det som er sagt om den. Hjorth er ein smart og observant forfattar, som er villig til å skrive om det ho ser, det ho reflekterer over, og (av og til) det ho ikkje er i stand til å reflektere vidare over.

Og så kan ho skrive.

Anonym sa...

Glad for at flere liker Vigdis Hjorth. I flere diskusjoner med lesehester har jeg måttet forsvare hvorfor jeg liker hennes bøker. Men, jeg synes hun har et noe ujevnt forfatterskap. De beste etter min mening er - Om bare, Hjulskift, Hva er det med mor og Drama med Hilde. Trenger ikke å utdype dette noe mer, da det er masse klokt sakt i kommentarfeltet og blogginnlegget allerede.
E.

Aina Basso sa...

Avil:
Takk for tipset! I går kjøpte eg sisteboka hennar (Tredje person, entall) på impuls, så eg skal lese den først. Men har ein mistanke om at han liknar litt vel mykje på Hjulskift.

Anonym/ E:
Eg trur ho er undervurdert. Nokon har hengt seg opp i noko ein gong, og det har festa ved henne, trur eg. "Ho skriv berre om alkoholiserte nymfomanar." Eller noko sånt. Men eg likte veldig godt Hjulskift, har høyrt andre seie at Hva er det med mor? er veldig god, og no har eg også fått eit par andre tips, som eg skal lese på sikt.

Det beste ein kan gjere er å gjere opp si eiga meining. Uansett. Difor veit eg også korfor eg ikkje liker t.d. Anne B. Ragde eller Jo Nesbø.

Avil sa...

Tredjeperson entall er om alkoholisert nymfoman, for å trekke ut eit undertema. Eg syns den er flott skrive, med mange gode observasjonar. Det er imidlertid for underkommunisert kvifor hovudpersonen endar med å vere så uroleg i sjela og gjere så mange frykteleg dumme valg, at eg ender med å irritere meg. Kan hende ein yrkesskade.

Aina Basso sa...

Hm. Skal sjå om eg blir irritert, eg òg. Men det blir eg kanskje ikkje.

Stine Marie sa...

Jeg har sansen for Vigdis Hjorth, og mitt første møte med henne var romanen "Fordeler og ulemper ved å være til" som handler om en alenemor som kjøper et pensjonat, om sommer på Tjøme og om relasjonene vi har til andre mennesker.