1. september 2009

Skrivelivet. Dag 4

Eg kan ikkje klage over dette skrivelivet. Ikkje enno, når det framleis går på skjener. 

Det er noko fantastisk over å kunne setje seg til med manuset med det same ein vaknar om morgonen. Før frukost, etter frukost, mellom frukost og lunsj, mellom lunsj og middag, medan ein et middag, etter middag i mange, lange timar før ein legg seg, og ein treng jo ikkje legge seg til noka spesiell tid, ein treng jo ikkje rekke noko i morgongryet. 

Desse to siste dagane har eg skrive på romanen, skrive tekstvurderingar til Allkunne-redaksjonen, der eg er heilt ny medlem, levert laurdagsspalte til Nationen og førebudd min første research-tur. Denne gongen går han til Trondheim, der eg skal kike på 1700-talskjelder på Statsarkivet. Eg gler meg til å besøke min gamle studieby og gamle, gode vennar igjen. 

Det er også herleg å gå ein tur midt på dagen, stikke innom biblioteket, gå vidare, kjøpe ein kaffi og høyre Diktafon på iPoden. Alt dette kjennest for godt til å vere sant. Men det er faktisk sant!

8 kommentarer:

Unknown sa...

Jammen, dette går jo aldeles glitrende! Hyggelig med sånne gla'meldinger. Så da er det ikkenoe vits i at jeg sier Tvitvi og 'break a leg'.
Men jeg sier det allikevel.

Aina Basso sa...

Takk!
Det er betre å seie det ein gong for mykje enn ikkje i det heile!

heklehatt leser sa...

å, så fint at du deler dette, aina. veldig inspirerende å høe hvordan du jobber. Skulle ønske jeg klarte det samme - jeg klarer ikke stenge alt annet ute i samme grad som deg, tror jeg - derfor blir det kortere og færre økter. Men der det er lyst, er det håp!
tvi tvi videre:-)

Monica sa...

Fantastisk og fortjent! Gleder meg til å høre mer, Aina. Skriv løs! :-)

Lille søster sa...

Å, så fint! Høres fantastisk ut!

Aina Basso sa...

Eg veit ikkje om eg klarer å stenge alt anna ute, men eg merkar at det at eg har tid til å skrive fører til at eg faktisk gjer det, også. Enn så lenge! Skrivevegringa kjem nok før eller seinare :)

Eg får nyte det så lenge eg har det. Eg har venta lenge på å få fri til å skrive, så eg er nok rimeleg euforisk, hehe.

Avil sa...

Eg unner deg alt godt i verda, søtaste Aina. Og så seier eg med mild og trøystande røyst til meg sjølv at folk er forskjellige, og det at eg ikkje er ein tiandedel så strukturert og glad og flink som deg ikkje er noko å bry seg med, for litt her og der og uorganisert sikkert fører fram til slutt likevel.

*susse på*

Anonym sa...

Vel unt! Gleder meg til å lese resultatet av arbeidet :-)