Er det nokon av dykk som heilt umedvite seier ting som: "Min yndlingsforfattar er N.N." når de snakkar om ein mannleg forfattar, men "min kvinnelege yndlingsforfattar er N.N." når de snakkar om ein forfattar som er kvinne?
Er det nokon av dykk som seier ting som: "Eg les ikkje bøker av kvinnelege forfattarar, det er ikkje noko for meg", og faktisk heller ikkje har lese ei einaste bok av ei kvinne?
Er det nokon av dykk som automatisk framhevar mannlege forfattarar før kvinnelege dersom de blir spurte om yndlingsforfattarar eller bøker?
Er det nokon av dykk som heller vil bruke "frodig" om ein kvinneleg forfattarskap enn "ruvande"? Er det nokon av dykk som meiner det er eit skilje mellom "kvinnelitteratur" og "litteratur"?
Er det nokon som meiner det finst eit omgrep som heiter "mannelitteratur"?
Er det nokon av dykk som kunne tenke dykk å høyre eit panel kvinner snakke om si eiga rolle i den litterære offentlegheita, anten som forfattarar eller kritikarar?
Er det nokon av dykk som synest det er viktig å diskutere korfor kvinnelege forfattarar så sjeldan blir tildelt store litterære prisar, korfor forfattarskapane deira så godt som aldri blir omtalt som "betydelege", korleis lesinga av ein roman skil seg utifrå kjønnet til forfattaren?
Er det nokon av dykk som kunne tenke dykk å høyre eit panel menn snakke om si eiga rolle i den litterære offentlegheita, anten som forfattarar eller kritikarar, med fokus på det særeige mannlege i litteraturen dei skriv?
Er det nokon av dykk som kunne tenke dykk å høyre mannlege forfattarar snakke om mannelitteratur?
Det kunne eg.
---
Inspirert av den inspirerande debatten i Kapittel-festivalens "Litterær(e) salong", med Brit Bildøen, Olaug Nilssen, Marit Eikemo og Agnes Ravatn, eksemplarisk leia av Klassekampens Karin Haugen, og debatten som følgte utover kvelden i meir avslappa former på MS Sandnes.
9 kommentarer:
Jeg kan ikke annet en si TUSEN TAKK og AMEN!
Denne fikk jeg lyst å printe ut og henge på veggen.
Veldig bra Aina. Og jeg tenker å lese Karl Oves bøker, for jeg tror de er gode og jeg syns det er et fascinerende, risikabelt og spennende prosjekt han har begitt seg ut på, men jeg lurer på hva som ville blitt sagt om dette seksbindsverket hvis det var skrevet av en kvinne. Mitt liv fram til nå. I fosterstilling, liksom. Jeg mener det. Jeg tror IKKE at et omfattende verk skrevet av – la oss si – Kari Olava Klausfjord, ville blitt tatt imot på samme måte som "Min Kamp".
Eg skulle gjerne ha vore der.
Flott bloggpost!
Eg begynte forresten på Min Kamp i går. Eg gler meg til å fortsette i dag.
Takk for fine tilbakemeldingar!
Eg har sjølvsagt ingenting imot Knausgård, personleg eller som forfattar. Dette handlar om langt større strukturar.
Apropos fosterstilling:
Ei av Knausgårds bøker sluttar med hovudpersonen i noko slikt som ei fosterstilling, og Stig Inge Bjørnebyes bok byrjar med han sjølv i fosterstilling. Dette ifølgje Marta Nordheim, og ho stoler eg på.
Vi kom deretter fram til at viss det var fosterstillingar som var einaste kriteriet for litteratur skriven av kvinner, kom desse to mennene interessant ut i så måte.
Eg grip meg i å seksuelt objektifisere Knausgård.
Eg tviler ikkje.
Det er slitsamt, eigentleg.
Legg inn en kommentar