15. august 2009

Livet med Mac. Dag 4

Dette er sikkert kjempekjedeleg for alle andre enn meg, men eg må berre fortelje kor utruleg forelska eg er i min nye Mac. Det er rett og slett ikkje til å tru. 

Deilige tastar og fantastisk biletkvalitet, viss ein t.d. skal sjå ein film eller den siste episoden av ein NRK-krimserie ein ikkje har fått med seg fordi det sendast så seint og ein framleis er kommunal arbeidstakar. Lyden er også god. 

Og sidan eg har skaffa meg trådlaust nett i same slengen og maskina har seks timars batterikapasitet, kan eg ta ho med overalt. Til dømes opp i senga. Og sidan ho nesten ikkje blir varm er det ikkje noko problem å ha henne på fanget så lenge eg berre måtte orke. Ikkje bråkar ho, heller. 

Men det aller beste er dette: Ho gir meg lyst til å skrive. 

2 kommentarer:

Anonym sa...

Jeg har hatt Mac i et halvt år. Tastaturet er som silke. Jeg blir varm om hjertet bare av å tenke på den. Jeg er helt med deg i din omtale. :)

(Jeg får fortsatt ikke kommentert på "vanlig" måte. Dette er altså fra Caterina.)

Aina sa...

Godt å høyre, Caterina!
Men ikkje så godt å høyre om kommenteringsproblema!