3. august 2009

Eg og Torgny

For nokre år sidan fekk eg tilrådd å lese Torgny Lindgrens Ormens väg på hälleberget. Erfaringa mi med lesinga av den boka viser ein gong for alle at ein aldri skal lese ei bok a) berre fordi andre meiner ein burde, b) når ein eigentleg ikkje har lyst til det, eller c) når all merksemda er retta mot noko heilt anna - uansett kor god boka måtte vere.

For eg fann nemleg aldri ut kor god boka er eller ikkje er. Eg las halvhjarta, fort, med eit halvt auge, eg hugsar omtrent ingenting av heile boka. Det einaste eg hugsar er dette:
Eg sit på flytoget og skumles. Noko med ei gammal stove.

Og slik kunne min kjennskap til Sveriges store forfattar Torgny Lindgren enda. Heldigvis gjorde han ikkje det.

I går kveld hadde eg ei kjensle av at eg måtte lese noko anna enn dei bøkene eg hadde framme. Men kva? Nei, det kunne eg ikkje seie. Ettersom blikket mitt gleid over hyllene bak sofaen blei det litt etter litt klart for meg kva eg ikkje ville lese. Ikkje noko inkjeseiande, ikkje noko tåpeleg, ikkje noko som "nokon andre berre har dikta opp", ikkje noko tungt, ikkje noko dumt, ikkje ei altfor tjukk bok, ikkje poesi, ikkje noko altfor komplisert.

Og så fall blikket mitt på boka eg ikkje avbestilte frå Bokklubben for eit par år sidan. Humlehonning og Hakkepølsa avTorgny Lindgren.
Denne, tenkte eg, og plukka boka ut.

På baksida står følgjande:

I Humlehonning møter vi en forfatter av ikke så veldig suksessrike helgenbiografier. Hun er på foredragsturné. På et sted i Västerbotten losjeres hun inn hos en av tilhørerne, Hadar, som selvsagt også er den som sovner under foredraget hennes. Hadar bor i et lite hus som tilsynelatende ligger for seg selv. Men så ligger det visst ikke for seg selv likevel. For Hadar prøver så godt han kan å ignorere nabohuset. Der bor broren, Olof, som han ikke har snakket med på flere tiår.

Nå er de begge dødssyke. Hadar har kreft. Med Olof er det hjertet. Brødrene viser gjennom røyken i pipa at de ennå ikke har gitt opp og krepert. Det gjelder å være den som ikke dør først! Forfatteren tenker at hun heldigvis skal reise neste dag. Men så setter et fryktelig snøvær inn. Hun blir tvunget til å forholde seg til denne underlige søskenfeiden som har historien om en kvinne og et barn i sin tragiske kjerne.

Ein forfattar på besøk hos to eldre brør på den svenske landsbygda? Ja, slikt blir det litteratur av, tenkte eg, og byrja lese. Og det trefte som berre juling. Det einaste eg angrar på er at eg ikkje les det på svensk.

Så no er eg endå meir glad for at eg skal reise til Kapittel-festivalen i Stavanger i september, nesten eins ærend for å sjå og høyre Torgny Lindgren.
Dei andre ærenda? Sjón og Per Olov Enquist. Kan det bli betre?

8 kommentarer:

Monica sa...

Du MÅ lese Hakkepølsa hvis du ikke har lest den ennå! Fantastisk!

Noe helt annet: send meg adressen din (post) til monica@griff.no, så kan jeg sende deg boka mi.
Uten at du skal føle deg forplikta på noen som helst måte, hører du? Har så lyst, bare.

Aina sa...

Ja, eg tenkte å lese Hakkepølsa etterpå. Dei kjem etter kvarandre i boka. Og ute regnar det. Kvelden synast skreddarsydd for tekopp og lesing!

Og klart eg vil lese boka! Adressa sendt!

Spectatia sa...

Artig å høre om deg og Torgny! Jeg leste de to bøkene i omvendt rekkefølge, men hadde akkurat de samme leseopplevelsene som deg.

Midifila sa...

Eg har Nygren i bokhylla og har skult på han lenge. På tide å gjere noko meir enn skule.

Men eg har møtt Sjón! Finfin fyr. Og Enguist sin sjølvbiografi er jo berre så bra, så bra!

Gled deg!

Jorid sa...

Du din heldiggris som får møte BÅDE Enquist og Lindgren!
Og gled deg til Hakkepølsa, den er bare helt suveren. Om du liker å høre på lydbøker, kan jeg anbefale de svenske utgavene der Lindgren selv leser. Helt fantastisk å høre på!

Aina sa...

Takk for tipset til lydbøker. Eg liker å høyre forfattarar lese eigne bøker. Så det skal eg sjekke ut!

Midifila sa...

No har eg sjekka bokhylla, og det var Hakkepølsa eg hadde. Men burde eg lese Humlehonning først, altså?

Aina sa...

Nei, det trur eg ikkje du må! Tenkte å lese Hakkepølsa sjølv, no!