11. juli 2009

Når reisa går på skjener

Eg sit på eit tog. Eg har vald komfortsete med ekstra god plass, kaffi og aviser inkludert. Førebels har eg fire seter med bord mellom heilt for meg sjølv. Faktisk har eg ein liten kupé heilt for meg sjølv. På bordet framføre meg ligg romanen eg les for tida, ei reiseskildring frå Noreg på 1800-talet, skriveboka mi og to aviser. Eg har henta meg ein kopp kaffi. Akkurat no lener eg olbogane mot bordplata og ser ut av vindauget. Det er tidleg på morgonen. Reisa har nett byrja.

Toget, eg, glir gjennom landskapet. I dag glir vi frå Oslo og nordover, før eg skal skifte tog og dreie vestover, heim. Eg har eit trist ærend denne gongen. Likevel nyt eg turen. Eg nyt synet av landskap som endrar seg. Frå bygardane langs skjenene ut frå Oslo S til stadig meir grøn mark og blankt vatn. Elver og innsjøar, kollar, åsar, fjell. Eg tenker det same om kvart einaste vindauge og hus eg passerer. Kven bur der? Korleis er liva deira? Korleis ville eg hatt det om det var der eg var?

Togkroppen krenger svakt, det kjem eit jamnt, tungt sus frå skjenene. Noko ristar og tikkar ein stad, med jamne mellomrom kjem det små dunk frå eit punkt like framføre meg. Eg lener meg tilbake og legg merke til eit feittmerke på vindauget, i hovudhøgd frå setet midt imot. Eg ser føre meg eit hovud, som i nattas løp, på nattoget mellom Trondheim og Oslo, har lent seg til glaset. Ein ung mann, med voksmetta hårstrå, sovande andlet, lett gapande munn. Kvit hettejakke, kan hende, og det eine kneet kvilande mot bordkanten.

Eg tek ikkje så ofte tog. Kanskje er det difor eg er så glad i å reise med det. Eg har teke så lite tog at eg hugsar dei fleste turane, både innanlands og utanlands. For nokre år sidan drog eg på interrail. Eg var student og hadde spart i eit halvt år til turen. Vi tok toget frå Trondheim til Oslo, frå Oslo til København, København til Hamburg, Hamburg til Amsterdam, Amsterdam til Paris, Paris til Nice, Nice til Roma, Roma til Napoli, Napoli til Pompeii, Pompeii til Napoli, Napoli til Firenze, Firenze til Pisa. Så snudde vi og reiste heim.

Tida mellom togdistansane var sjølvsagt spekka med flest og mest interessante opplevingar. Kanalar, tulipanar, Louvre, Versailles, parisarhjul, Eiffeltårn, rullesteinsstrand, varm sjø, store bølgjer, Harry Potter, Vatikanet, Colosseum, Trevifontena, Vesuv, Det Skeive Tårnet, ein jazzkonsert på fortauskafé. Men eg hugsar togturane. Eg hadde musikk på øyret gjennom Tyskland. Det er den same musikken som eg forbinder med ein busstur gjennom Sunndalsøra. Eg hadde sikkert musikk på øyret gjennom Italia, òg, men der hugsar eg landskapet. Utsikta mot solvarme landsbyar. Korleis hadde livet mitt vore der?

Det er mange ting eg liker med å reise med tog. Eg liker rytmen i togkroppen, eg liker lydane. Eg liker at det går raskt, men at ein likevel merkar at ein forflyttar seg over store distansar. Eg liker at det er miljøvenleg. Men det beste med å ta toget er ikkje noko av dette. Det beste er alle liva som ligg der ute. I det kvite huset ved åkeren, den slakke hagen ved sjøen. Livet i storbyane, livet i landsbyane. Livet her heime, livet der ute. Det beste med toget er tanken. Det beste med reisa er tanken som flyg.

Laurdagsspalte i Nationen, 11.07.2009. Illustrasjonen er stolen herfrå, eg veit ikkje kven som har teke det fine biletet.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Så fin beskrivelse. Voksgutten med hvit hettegenser må være sønnen min ...

Lille søster sa...

Så fint! Jeg liker også å reise med tog. Dog uten småbarn.

Mette Moen Baatvik sa...

Orda dine illusterer togtempoet, togtankane, togreisa så godt.