30. juli 2009

Lesing i regnet

Inger Bråtveit
Og det berre regnar. Og regnar. Og regnar.
Og eg blir bleikare og bleikare.

Men det fine med regn, er jo at det høver så utruleg godt til å sitje inne med ei god bok eller ein god film. No er eg nesten ferdig med Jenny av Sigrid Undset, som eg har likt veldig godt, og i hylla ligg to romanar på vent. Den eine er debutromanen til Inger Bråtveit, Munn mot ein frosen fjord, den andre er av noko eldre dato, nemleg Fant av Gabriel Scott.

Eg har ikkje lese noko av Bråtveit før, men Scott har eg lese to bøker av: Tante Pose, som var ei favorittbok i tenåra, og barneboka Sølvfaks, som eg ikkje eigentleg hugsar anna enn omslaget på.

I tillegg har eg endeleg gått til innkjøp av månadens lesesirkelbok, novellesamlinga Rømlingen av Alice Munro. Planen var opphavleg å kjøpe boka på engelsk, men etter å ha vore innom to bokhandlar med uforretta ærend, nøydde eg meg med den norske omsetjinga.

Eg har også nokre diktsamlingar liggande. Alfabet av Inger Christensen, som eg har lese halve av, det same gjeld Anchorage av Bjørn Aamodt, og den norske omsetjinga av Sigbjørn Skådens debutbok Skomakernes konge (originaltittel Skuovvadeddjiid gonagas), som var nominert til Nordisk Råds Litteraturpris i 2007.

Men eg er ikkje så lyrikkhungrig om dagen. Det går i bølgjer. Så dei får nok ligge litt, til eg ein dag plutseleg sluker dei.

Eg les også bakgrunnslitteratur til den nye romanen, men ettersom eg framleis vil halde korta tett til brystet, skal eg ikkje røpe kva slags litteratur eg les.

10 kommentarer:

Lille søster sa...

Håper du liker Munro!

Aina Basso sa...

Det håper eg også!
For det gjer du, ikkje sant?

Mette Moen Baatvik sa...

Det gjeld å se det positive - også i regnvêret ... Å springe gjennom varmt sommarregn er nydeleg. Eller å sitte ute, men under tak og skrive litt, sanse vêret, skrive litt til ...

Men du har rett, brunfarga frå tidleg juli er vorten temmeleg blass. ;-)

Lille søster sa...

Å ja, det gjør jeg absolutt!

Silje sa...

Inger Bråtveit burde fått Kritikerprisen for Siss og Unn. Og flere andre priser. Et kunstverk.

Aina Basso sa...

Mettemor:
Ja, der finst absolutt romantiske ting ved sommarregn. Men ikkje når det er kaldt, hehe. Men eg liker innekveldar med god bok og levande lys, eg, altså. Og det er jo ein fordel i dette landet.

Lille søster:
No har eg lese dei to første novellene i Rømlingen og så langt liker eg det godt!

Silje:
Kanskje det er Siss og Unn eg burde lese, då? Tenkte eg måtte få litt avstand til Is-slottet, berre.

Silje sa...

Begge er veldig gode. Lenge siden jeg leste Munn..., men den gjorde sterkt inntrykk, den også. Les begge!

Lille søster sa...

Ja, fine bøker begge to. Veldig forskjellige.

Lindkvist sa...

Hvordan fungerer Lesesirkelen deres?

Aina Basso sa...

Vi er ein gjeng på fem stykk, og fleire av oss har bakgrunn frå historie/ idehistorie. Difor har vi lese fleire historiske romanar enn mange andre sirklar gjer, trur eg.

Vi vél bøker på demokratisk vis, ved å bli einige om forslag som blir lagt fram. Dei som føreslår har ein tendens til å vere dei same folka. Vi prøver å lese variert både med omsyn til kjønn, opphavsland (stort sett betyr dette norsk eller utanlandsk), målform, samtidslitteratur/ klassikarar, mv. Vi les mest romanar, då det er dette hovudvekta av sirkelmedlemmane ønsker.

Vi har enno til gode å lese skikkeleg drittlitt., men prøver å halde oss til kvalitetslitteratur.

Så prøver vi å møtast ein gong i månaden til middag/ eit glas eller to og diskutere bøkene. Det er ingen litt.vit.arar i gjengen, og det ber nok diskusjonen preg av, m.o.t. kva ved bøkene vi diskuterer.