16. juni 2009

Tatt av sjøverken

Gjerdekaia, vinter (eige foto)
Ikkje berre er eg frå ei øy, men eg er også frå ei lang line sjøfolk. Far min har reist i utanriksfart på dei store verdshava. Morfaren min dreiv sjøen, det same gjorde farfaren min, og eine oldefaren min var båtbyggar. Så ein skulle tru at det helst var sjøvatn som gjekk i mine årer.

Eg veit korleis sjøvatn smakar. Eg veit kor kalde små fingrar blir av å leite etter krabber i vasskanten. Eg veit korleis det luktar inne i eit naust eller ombord i ein fiskebåt. Eg veit korleis det luktar av sjøstøvlar og jakker stive av fiskeslo. Eg veit korleis ein levande fisk kjennest i handa, eg veit korleis ein ongel kjennest mot fingertuppen, eg veit korleis nyfiska, nytrekt torsk smeltar på tunga. Eg veit korleis grove fiskarnevar kjennest kring mjuke barnehender.

Då eg var tolv hadde eg likevel aldri vore med ut og fiska. Men endeleg skulle det skje. Eg skulle vere med faren min og dorge! Eg hadde gledd meg lenge. Sett føre meg korleis vi skulle kose oss i båten, korleis berre vi to skulle kakke oss utover den spegelblanke fjorden. For båtliv måtte jo vere noko for meg, meinte eg. Havet var noko eg hadde i meg, noko som gjekk meg i blodet. Eg meinte at eg, bokormen, og sjøen var som ongel i fiskekjeft. Eg visste jo det meste om fiskeri. Og all mi tid hadde eg sett morfaren min sitje i kjellaren og bøte garna sine mørke vinterkveldar, med pipa i munnvika. Og var ikkje sjølvaste far min sjømann? Jau, visst var han det! Og ikkje berre ein vanleg sjømann, men ein som sigla på dei sju hav! Som hadde vore over heile den store, runde kloden.

Noko som særleg hadde bitt seg fast hos meg var far min si glede over bøkene ombord. Igjen og igjen hadde han fortalt om dei herlege bokkassene som gjorde dei endelause havstrekka tolelege. Om korleis han slappa av på lugaren sin når han gjekk av vakt, med ei god og spennande bok til selskap. Så er det rart om eg tenkte at det var naturleg å kombinere desse to? Bøker og båtar?

Dagen kom med svartestille. Eg hadde tenkt lenge på dette. Tenkt på kor koseleg det ville vere å ligge i lugaren og lese Tatt av vinden. Så eg tok den tjukke boka under armen og gjekk under dekk medan far styrte båten utover. Det var ikkje ei bølgje utpå. Og den første vesle stunda gjekk alt fint. Men så kom vi til Lestaskjer, der det alltid er sjø. Og med eitt var det gjort. Det var ingen som hadde tenkt på at ei som er kronisk bilsjuk også høgst sannsynleg vil vere sjøsjuk. Det var ingen som hadde nemnt at morfaren min aldri var særleg sjøsterk. Det var heller ingen som hadde nemnt at å lese medan ein sit i eit fartøy som rører på seg, eller endåtil ligge og lese i ei anna retning enn køyreretninga, var eit sikkert steg mot forderving.

Så då vi runda Lestaskjer, var eg allereie grøn om nebbet og kom opp på dekk til far min. Og det var ikkje anna å gjere enn å snu. Det blei med den eine dorgeturen. Faktisk har eg ikkje sett fot på snekka sidan. Far min plar pumpe henne når det regnar, og pussar henne frå tid til anna. Kanskje tek han ein liten runde utpå, men eg trur ikkje det blir særleg ofte. Så eg har tenkt at denne sommaren vil eg bli med far min på sjøen igjen. Men denne gongen skal eg ta ein reisesjuketablett først. Og legge igjen boka heime.

Laurdagsspalte i Nationen 13.06.2009

7 kommentarer:

Silje sa...

Hahaha ... lykke til! Kan dette være noe av bakgrunnen for din forkjærlighet for tynne bøker, forresten? ;-)

Aina Basso sa...

At ein blir mindre sjøsjuk av ei tynn bok, tenker du på? Hehe. Neeei, trur ikkje det. Trur det har litt andre årsaker :) Men fin teori.

Mette Moen Baatvik sa...

*humrar* Eg les at du er glad i det som har med saltvatnet å gjere sjølv om du blir sjøsjuk. :-)

Aina Basso sa...

Det er eg :) Men det er best å sjå på frå land. Eller bade i.

Ingrid Svennevig Hagen sa...

Hei Aina!
Du skriver så godt! Jeg kunne kjenne lukten av både båt og sjø.

Aina Basso sa...

Så hyggeleg, takk for det Ingrid!

*** sa...

veldig fint!