1. juni 2009

Staden der altfor mykje skjer

Ifølgje den siste boka til Agnes Ravatn, Stillstand, er det ikkje angrepillebrett som ligg strødd i parkane i Lillehammer etter at den årlege litteraturfestivalen er gått av stabelen, men visittkort.

Dette er festivalen der redaktørane viftar med gullkorta sine og dagane tilbringast i raudvinsrus og eigentleg utan å få med seg noko av det som skjer på det litterære feltet, skriv ho. Og sjølvsagt utan å eigentleg like eller forstå noko av det ein faktisk får med seg.

Eg har debutert som festivaldeltakar under Sigrid Undset-dagane, og har òg site mykje ute i varme maidagar og ikkje minst -kveldar med eit glas med eitkvart oppi, gjerne påspandert av ein raus redaktør, men kjem heim med berre eitt einaste visittkort, og eg smigrar meg ikkje med å tru at det blei gitt meg av nokon særskilt grunn.

Men noko har eg då fått med meg. Eitt av høgdepunkta var lanseringa av boka om stadane der ingenting skjer, ei essaysamling med tekstar som tidlegare har stått på trykk i Dag og Tid under vignetten Stillstand, og som altså er Agnes Ravatn, denne unge forfattaren frå Ølen i Vindafjord, si tredje bok sidan ho debuterte i 2007 med romanen Veke 53. (Beklager denne lange og omstendelege setninga, som teken ut av ein dårleg kopi av ein god roman av Dag Solstad (nei, der gjorde eg det visst igjen)). Her var det både opplesingar ved Agnes Ravatn (sjølvsagt), Ragnar Hovland (som også trakterte ukulela) og Erlend O. Nødtvedt, samt minikonsert med den fabelaktige hardingfelespelaren Benedicte Maurseth (som har spelt Andvake av Jon Fosse, saman med ein skodespelar, på m.a. Det Norske Teatret og som også improviserte til opplesinga frå Harudes) og to karar frå Tomrefjorden, Polkabjørn og Hallvard Djupvik. Ei framifrå lansering.

Meir om Stillstand seinare! Eg har lese dei fleste av tekstane i Dag og Tid, som eg iherdig abonnerer på, som dei faste lesarane mine nok har fått med seg (no har eg også byrja abonnere på laurdagsutgåva til Klassekampen, så no blir det nok etterkvart litt meir variert kulturstoff som blir presentert her - berre eit lite apropos), men eg vil friske opp og også lese dei få eg ikkje har fått med meg allereie.

Eit anna høgdepunkt var samtalen med Mette Karlsvik og Lone Hørslev, leia av Magnhild Bruheim på Galleri Zink. Både Karlsvik og Hørslev er interessante forfattarar som hadde mykje interessant å kome med. Noko av det mest interessante var å høyre korleis Mette Karlsvik jobbar med tekst. Form kjem først. Ho må sjå føre seg forma på noko. Anten eit fysisk objekt, eller kanskje også sjølve teksten, handlinga? Ei interessant vinkling, men kanskje ikkje så underleg at nett Mette Karlsvik tenker på denne måten, sidan ho er utdanna biletkunstnar frå Glasgow. Det var hovudsakleg den siste boka til Karlsvik, Pol, som blei omsnakka, og den siste boka til Lone Hørslev, Jeg ved ikke om den slags tanker er normale. Med undertittelen skilsmissedigte. Også Hørslevs roman Fjerne galakser er kedelige blei teken fram, og Flytårn av Mette Karlsvik, som eg skreiv ein omtale av HER. Lone Hørslevs forfattarskap er ny for meg, men eg er no interessert i å lese både dei siste dikta hennar, romanen som blei trekt fram og sikkert også andre bøker.

Eg høyrte også på den amerikanske forfattaren Juliana Spahr i samtale med litteraturkritikar og skribent Susanne Christensen. Spahr er aktuell på nynorsk med den nyomsette diktdagboka frå opptrappinga til Irak-krigen, Alle med lunger kopla saman. Det var ein interessant samtale, gode spørsmål og interessante svar, som ein plar seie. Og eg likte svært godt det eg høyrte Spahr lese. Så inspirerande var det, faktisk, at eg delar av tida måtte skrive sjølv, og dermed ikkje fekk med meg alt like godt. Juliana Spahr skal altså også lesast, og sjølv om eg ofte føretrekk å lese dei forfattarane på originalspråk som eg kan, likte eg så godt tittelen på den nyomsette boka, at eg trur eg vil byrje der.

Det var sjølvsagt også mykje anna som skjedde, men dette var mi topp tre-liste, i tilfeldig rekkefølgje. Det var intense, glade og slitsame dagar.
I natt har eg sove i over tolv timar.

Ingen kommentarer: