27. mai 2009

Norsk Litteraturfestival

Det er tid for festival i Lillehammer, og eg skal - for første gong! Unødvendig å seie at eg gler meg.

Temaet i år er sanning. I samband med dette blei den omstridde holocaust-fornektaren David Irving invitert til festivalen, men invitasjonen vart seinare trekt tilbake etter mykje motstand, og den kunstnariske leiaren Stig Sæterbakken blei erstatta med Endre Ruset. Og i går trekte iallfall eg eit letta sukk då det blei klart at Irving likevel ikkje reiser til Lillehammer for å halde sitt eige program på sida av festivalen. Valdelege demonstrasjonar mellom nynazistar og anti-rasistar er ikkje det eg har aller mest lyst til å hamne oppi denne helga.

Det er mykje som skjer i år, og sikkert mykje spennande både å høyre og gjere. Det er ingen av mine store favorittar som er på programmet, så eg har tenkt å slenge rundt og sjå kva eg hamnar på. Eg har enno ikkje fått tak i programmet på papir, så eg føler ikkje eg har heilt oversikta over kva som skjer når, men det ordnar seg nok berre eg kjem meg til den koselege, vesle Mjøsbyen.

Det kanskje aller kjekkaste med festivalen er alle dei kjekke folka som skal dit. Så skål for Norsk Litteraturfestival! Kanskje vi sjåast?

7 kommentarer:

Monica sa...

Heldige heldige du! Jeg er der i tanken :-)
Ha det kjekt med kjekke folk!

Aina Basso sa...

Ja, dette blir gøy! Du skulle vore der, du òg! Neste år...!

Avil sa...

Det er akkurat det me gjer: Sjåast!

Men mobilen min NEKTAR innkomande samtaler. Passar kjempebra no når eg skal på tur med mobil som einaste måte å finne folka på!

Anonym sa...

God tur! Jeg er misunnelig kjenner jeg.

Elin sa...

Gled deg! Skulle ynskje eg ±og skulle dit. Men i år skal eg vere her og måle kjøkkenvegg. ;-)

Aina Basso sa...

Avil:
Men tek du imot innkomande meldingar, då? I så fall er det jo ikkje eit stort problem!

Knirk:
Takkar! Eg er VELDIG glad for at eg skal!

Elin:
Takk! Lykke til med malinga.

Anonym sa...

God festival til alle dere som skal dit! :)