Det er ikkje like lett å skrive historisk som å skrive noko frå mi eiga tid.
Eg seier ikkje at det naudsynleg er lett å skrive noko som helst, eller at det skal vere lett, men i mi erfaring er det lettare å skrive noko frå samtida enn fortida.
Hovudgrunnen til dette er at det heile tida stoppar opp når eg jobbar med det historiske stoffet. Eg kan vere midt inne i ei scene, eg skriv kan hende "Maria skjenkar kaffi i koppen hennar." Og så må eg setje to spørsmålsteikn i ein parentes bak setninga for å sjekke om det verkeleg var vanleg med kaffi i Noreg på 1750-talet hos dei kondisjonerte.
Slik er det heile tida. Korleis såg hovudplagga ut, til dømes? Kalla kvinnene kleda sine for kjolar, stakkar, brukte dei skjørt og blusar, kva blir rett - og kva blir rett innanfor kva stand?
Eg hadde nett same opplevinga då eg skreiv Ingen må vite. Heile tida stansa det opp, av og til fekk eg fullstendig vegring av å i det heile opne tekstfila, men så tok eg meg saman, tenkte at det får stå til, eg får leve med alle parentesane, berre skriv, no, sjekke kan du gjere etterpå. Og så losna det igjen.
For der er måtar å omgå vegringa på. Eg kan ta føre meg ein og ein karakter. Skrive dei ut i stikkordsform i eit kladdedokument ein stad. Eg kan ta føre meg omgivnadane. Skrive om torget, til dømes, om marknad og boder og lukter og lydar. Eller om kva folk gjorde, arbeidsoppgåvene deira, som arbeidsrommet til prosten der han sit og skriv med penn og blekk. Det er jo mykje eg veit allereie. Som at dei henta vatn i brønnar eller vasspostar. At dei sannsynlegvis ville ha eit par høns sjølv om dei budde i byen. Korleis byen såg ut, med kyrkjer og brygger, med bymur og festning, med tukthus og dårekiste.
Så eg prøver å lure meg sjølv, å omgå skrivevegringa ved å ikkje henge meg opp i dei vanskelege detaljane, men ta ein sjans og sjekke det opp etterpå. Elles kjem ein jo ingen veg.
Eg lurer på korleis andre jobbar når dei skriv historisk fiksjon.
3. mai 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
21 kommentarer:
Skjønner at det kan være vanskelig. Du har jo en ekstra utfordring; ikke bare skrivingen, men også at det skal være historisk riktig. Men du kommer til å få det til, du har jo gjort det en gang allerede.
Takk for tilliten :)
Jau, det er ei ekstra utfordring. Men samtidig er det, når eg tenker meg om, på eit vis lettare likevel. Fordi det er så mykje stoff å hente. Eg veit ikkje om eg ville hatt like mykje stoff viss eg skulle skrive om noko "vanleg" frå vår tid. Det måtte vel bli noko uvanleg, kanskje. Eit fenomen på eit eller anna vis. Politisk, kulturelt, menneskeleg. Kanskje.
jeg har hittil ikke våget meg på noe historisk. rett og slett fordi jeg er redd for ikke å gjøre det bra nok. det skal balanseres så det ikke blir oppramsende, pedagogisk eller rett og slett klisjé. jeg beundrer deg for hvordan du gyver løs - og får det til!
Eg haldt på slik. Heile dagar med roting på nett og bibliotek for å sjekke ting som det tok nokre sekundar å hoppe over mens eg skreiv.
Mi erfaring frå denne eine boka var at det funka best då eg aller først jobba lauseleg med plott og karakterar litt om einannan (dei viktigaste karakterane må modne LENGE for å bli bra, så dei må inn i prosessen med det same) og så gjorde enorme mengder research mens eg skreiv rammeverk og idear og moglege dialogar innimellom.
Til sist var det berre å skrive, og merke ting som skulle sjekkast utan å gruble undervegs. Doble spørjeteikn var smart.
Og så aller sist då. Sjekke og sjekke og lese gjennom og endre og sjekke om att.
Fem månader frå siste kapittel skrive til boka kjem i trykk.
Ah! Når jeg leser dette, minnes jeg den intense, befriende gleden ved å skrive ut fra tilnærma reine fiksjonsrammer ;-)
Caterina:
Det er mange ting det er viktig å tenke på, og her meiner eg at eg har ein fordel som er historikar. For eg veit kva ein ikkje treng og ikkje treng å vise fram av faktastoff, fordi eg naturleg vil ha eit meir vidtfemnande perspektiv på tida, mentaliteten, samfunnet, mv. enn den som set seg inn i dette for første gong og som kanskje ikkje har den same oversikta over kva det undervisast i på universiteta, kva som finst av litteratur på feltet, osb.
Det betyr ikkje at det er nokon grunn til å la vere. Men eit tips er å vere veldig nøye med å få forlaget til å bruke gode historiske konsulentar. Og deretter høyre på kva dei har å seie.
Avil:
Det er så lett å rote seg bort i detaljane. Og så lett å sjekke dei opp, etterpå, når ein har skrive alt det andre. Men eg har ein tendens til å gløyme dette i kampens heite. Og så merkar eg at vekselbruk er fint. Det kjem mange nye scener utav berre ørlite research.
Silje:
Gjer det igjen!
Caterina:
Det skal sjølvsagt vere "kva ein treng og ikkje treng å vise fram"
å være historiker har sine klare fordeler under bearbeidelsen av historiske relieff og detaljer i en skjønnlitterær roman. det er tosidig: på den ene siden er det så uendelig mye å hente, på den andre skal det adminsitreres med omhu, intelligens og poesi. når det gjelder det siste er det etter min mening det som skiller bra fra mediokert. både du og kristine har et svært poetisk språk, og det er ikke bare fordi jeg er forelsket i nynorsk på sitt beste.
jeg satt lenge med research på en skjønnlitterær roman bygget rundt armauer hansen, oppdagelsen av leprabasillen og lepraens stigma i en tid hvor folkeopplysning så vidt hadde startet i større skala. så kom hislops "øya" og jeg tenkte: dett var dett. da gjør jeg det ikke. men inni meg var jeg lettet, for det var vanskelig stoff å turnere elegant. samtidig er det ikke mer historisk enn at hansen fortsatt har etterfølgere, noe som gjør den skjønnlitterære tilnærmingen veldig vanskelig.
historiske romaner er og blir en egen genre som ikke alle behersker, uavhengig av bakgrunn.
Kanskje. Og det er jo heller ikkje noko poeng at alle skal beherske nett det same. Når det er sagt er det ingen grunn til å gi opp med ein gong. Plutseleg er stoffet der, og då er det berre å kaste seg ut i det!
Visste forresten ikkje at det var det Øya handla om, eg. Eg må innrømme at eg skyr bøker som får for mykje merksemd, "slike" bøker. Eg veit ikkje heilt korleis eg skal forklare det der. Kanskje ganske enkelt eit snobbete snev av elitisme eg helst ikkje burde vedkjent meg.
bare vedkjenn deg, for dine instinkter er helt korrekte. jeg leste romanen mest fordi den berørte samme tema som jeg da holdt på med research på, du vet; et års arbeide kaster man ikke over bord sånn helt uten videre. tematikken lepra og lepraøya spinalonga (i hellas) var for så vidt spennende. men historien forøvrig: et langt gjesp av det sedvanlige i underholdningslitteraturen: en dæsj kjærlighet, en dæsj kvinne-finner-seg-selv-og-går-fra-kjedelig-mann, en dæsj lidenskap krydret med utroskap, og selvfølgelig selv lepraen, da.
ikke bra skrevet.
jeg satt på kafé sammen med min mann, i amsterdam, om det kan interessere, og vi skulle fordype oss i litteratur. jeg sakser likegodt fra første side: "spinalonga. she played with the word, rolling it around her tongue like an olive stone."
hva man enn mener: dette er ikke stor litteratur. men grei underholdningslitteratur. jeg måtte tvinge meg gjennom boka. så bare behold din elitisme, her er den på sin plass.
jeg har ikke lest den 13. fortellingen av samme grunn som du ikke har lest øya.
men tilbake til historiske romaner: det er ike umulig at jeg tar opp den forlagte tråden, men siden man er blind for egen tekst, er jeg veldig redd for at det skal bli olivenrulle-nivå ...
Noko av det aller mest gørrkjedelege eg veit om er tradisjonell underhaldningslitteratur. Berre sjeldan underheld han meg nok til at eg gløymer å henge meg opp i platt plott, dårleg språk, klisjear i hopetal, sjablonaktige figurar, osb.
Men andre kan jo late seg underhalde, og eg vil ikkje ta frå nokon den gleda.
Kanskje er ein historisk roman noko som må mognast ei stund? Noko ein bruker lang tid på, eit sideprosjekt, kanskje? Eg hadde eigentleg tenkt det slik med Ingen må vite. Men så blei han ferdig. Eg hadde tenkt å bruke fem år (uvisst av kva grunn - korfor trudde eg at eg ville trenge fem år på ein roman?), late stoffet vekse sakte, mogne.
På den andre sida: faren med å bruke for lang tid på bøker er at tekstkroppen har ein tendens til å bli stor og uformeleg. Eg liker jo stort sett ikkje lange bøker, så eg er kanskje partisk. Etter mitt skjønn er den perfekte romanstorleik omlag 200 sider. Men dei må gjerne vere kortare, òg. Hehe.
jeg pløyet meg gjennom my share of krim og underholdning. nå makter jeg ikke å ta i dem med ildtang. jeg er den eneste i norge (tror jeg) som ikke likte drageløperen. ikke rart jeg ikke skriver bestselgere! hehe.
når det gjelder en romans størrelse, derimot, er jeg litt uenig. mest fordi jeg, når jeg leser en knakende god roman, føler meg snytt når jeg blir avspist med 200 sider. man vil jo så gjerne lese mer! på den annen side; en roman som fylles med tomrom og transportetapper, hvor jeg tenker at "denne romanen kunne med hell vært 200 sider kortere", er ikke fortrukken i så måte.
for min del må det historsike virkelig modnes. så får vi se hva det blir til. det som er så spennende med forfatteriet er at man aldri vet hva som er rundt neste sving!
Eg har gjort nett det same. Og så ein dag blir ein lei. Og det gjer noko med ein å byrje skrive seriøst sjølv, også. Eg har merka stor forskjell i korleis eg oppfattar og handsamar tekst etter å ha skrive ein roman sjølv. Kanskje blir det berre verre og verre med åra? Eller betre og betre? :) Det finst heldigvis veldig mange gode bøker og forfattarar der ute, så ein blir nok ikkje boklaus.
Ein verkeleg god roman kan sjølvsagt vere lenger enn 200 sider. Men eg føretrekk 200-sidersbøkene. Maks 300. Går det over det byrjar det ofte å flyte ut. Men i dette må eg få ta eit atterhald for fantasy. Når ein skal etablere eit heilt univers med andre spelereglar enn dei vi er kjende med, har eg forståing for at det må bli litt lenger. Sjølv om eg trur, eg VEIT, at ein kan skrive kortare fantasyromanar, òg. Som Hobbiten. Eller Skammar-bøkene.
det blir nok verre og verre med årene, det handler om utvikling, håper jeg. jeg gleder meg sånn til pensjonisttilværelsen: bok på bok. kanskje på en terrasse i roma? jeg blir litt redd ved tanken på alle bøkene jeg ikke får lest ...
jeg er litt enig i 300-siders boken. 340. 370. song for eirabu, derimot kan ikke være kortere, som du påpeker. og takk gud for at det kommer en nummer to!!
skammarbøkene er forresten geniale med sideantall, det å få barn til å lese og på nynorsk. alle mine unger har vært gjennom den serien. tak gud.
Einig! Eg gler meg også til å bli pensjonist! Men når det er sagt er det sikkert vel så bra å vere heiltidsforfattar.
Kor lang er eigentleg gjennomsnittsromanen? Eg les Sveve over vatna, den er på omlag 400 sider og eg tenker at det er ei tjukk bok. Rikka Gan, på si side, var berre 113 sider. Fosse sine bøker, som eg liker veldig godt, kjem gjerne under hundretalet, og Solstad, som eg også liker veldig godt, held seg oftast til 200-300 sider.
heltidsfofatter er en fantastisk situasjon. det er sikkert.
en bok er akkurat så lang som den skal være. 110-225-386 ...
det er ren egoisme som gjør at de virkelige gode bøkene avsluttes før jeg rekker å si "kake", og jeg vil bare ha mer. den fineste leseropplevelsen i verden.
Samtidig vil eg heller at boka skal slutte for tidleg enn for seint. Eg vil helst sitje igjen med kjensla av at "å nei! eg vil ikkje det skal vere ferdig", enn å geispe meg gjennom dei hundre siste sidene. Det er frårøvinga, fråhaldet, som gir dei sterkaste kjenslene. Eg liker betre å ikkje bli metta. Når ein er mett mistar alt ... poenget.
i valget mellom de to, er svaret innlysende. konklusjonen må være at en roman bør være akkurat passe lang ... hehe.
Haha. Nettopp.
Allways leave them hungry for more!
You said it, girlfriend!
Legg inn en kommentar