11. mai 2009

Pretty Polly

Den første PJ Harvey-låten som betydde noko for meg var Angelene frå plata Is This Desire? Eg var nitten år, eg var rocka, men ikkje så veldig sint. Så det var dei rolege låtane på denne plata eg høyrte mest på. Angelene, The Wind, The River.

Seinare høyrte eg Stories From The City, Stories From The Sea, og det var eigentleg først då eg verkeleg blei PJ-fan. Plata har ikkje eitt einaste dødpunkt, det er godlåt etter godlåt, og er den einaste PJ Harvey-plata eg har som kan spelast når som helst, kor som helst, frå A til Å. Frå denne plata er det kanskje særleg duetten med Thom Yorke frå Radiohead, This Mess We´re In, som betyr mest for meg, men også låtar som One Line, A Place Called Home og Kamikaze, for den del.

Polly Jean Harvey er blitt litt mindre sint med åra. Og den siste plata hennar, som ho har spelt inn saman med John Parish, A Woman A Man Walked By, er ei relativt roleg plate. Ei spennande og interessant plate, som kanskje viser ei litt anna side av PJ.

Ho kom ut på scena i ein florlett, svart silkekjole, med bølgja, langt hår, og dei godt vaksne mannlege musikarane var iført dress og hattar. Dei opna med Black Hearted Love og Sixteen, Fifteen, Fourteen, nett som på plata. Begge veldig gode låtar. Og litt seinare kom min nye favoritt, Leaving California.

Det var ein fantastisk konsert. Eit veldig bra band, og PJ Harvey i storform. Ho verka som om ho koste seg skikkeleg, og hadde ei enorm tilstadesvering på scena. For ei stemme! For ein mimikk! For ei innleving! For ei dansing!

PJ Harvey og John Parish: Leaving California

5 kommentarer:

*** sa...

for ei fin skildring av polly pen!

Aina Basso sa...

Takk! Er du også fan?

Elin sa...

Jeg har dessverre bare sett henne live én gang, og det var i... 1993 må det vel ha vært? Skulle gjerne sett henne på søndag, men jeg var dessverre ikke i nærheten av Oslo.

Aina Basso sa...

I 1993? Då var ho vel relativt fersk som plateartist, iallfall. Kor var dette? Og var det kult?

Elin sa...

Hun varmet opp for U2 på Valle Hovin. Jeg husker henne mest som liten dame med gitar. Hvis jeg ikke husker helt feil.

Konserter er for meg stort sett "der og da"-opplevelser. Jeg husker sjeldent mye etterpå. ;-)