19. mai 2009

Køyre frå Fræna

Eg har lese novellesamlinga til vinnaren av Tarjei Vesaas´ debutantpris 2008, Køyre frå Fræna av Lars Petter Sveen.

Det eg liker med å lese noveller er korleis ein kan hoppe inn og ut av teksten, utan å stå i fare for å gløyme eller gå glipp av noko heilt essensielt. Eg liker alle desse korte historiene, desse ulike forteljingane, menneska, perspektiva. Eg liker at forteljingane har ein raud tråd. Som til dømes at dei handlar om folk frå ein spesiell stad, som både debutboka til sambygdingen min Ronnie MAG Larsen, OFFA - forteljingar frå ei øy, gjorde, og som altså debutboka til Lars Petter Sveen gjer. Begge bøkene kom for øvrig ut våren 2008, utan at eg kan hugse at det blei gjort noko poeng ut av det.

Tekstane i Køyre frå Fræna er stort sett ganske korte, dei har stort sett ein mannleg, relativt ung hovudperson, og forteljarstemma er stort sett ganske lik frå novelle til novelle, sjølv om personane det gjeld ser verda frå vidt forskjellige stadar, frå narkosmuglaren til demonstranten til den klatrande karrierepolitikaren. Til saman belyser dei ulike delar av bygdelivet, av livet på Fræna og dei ulike folka som bur der. Og av menneskelivet, må ein vel kunne seie. Det mannlege, hovudsakleg.

Tekstane er godt skrivne. Lars Petter Sveen kan å skrive. Han er flink til det, og han meistrar sjangeren. Likevel er det noko som vantar for mitt vedkomande. Novellene går ikkje inn på meg. Dei fangar meg ikkje, berører meg ikkje. Dei blir verande historier om folk eg ikkje kjenner meg igjen i. Det er noko distansert over dei, endå så sterke og dramatiske situasjonar dei skildrar.

6 kommentarer:

Silje sa...

Det var da synd! Jeg ble veldig grepet av den ene novellen jeg hørte forfatteren lese for et års tid sida. Det kan naturligvis ha sammenheng med at han leste den godt, med stor ro og pauser der sårheten i fortellinga fikk god plass. Kanskje betydde det også ett og annet at jeg var (uvitende) nygravid, med kroppen full av underlige hormoner. Hvem vet. Jeg skal uansett gi resten av novellene en sjanse etter hvert.

Aina Basso sa...

Gjer det. Eg går ut ifrå at eg berre ikkje er heilt i målgruppa. Men det kan jo t.d. du vere.

Lille søster sa...

Har lånt den, men ikke lest ennå.

Aina Basso sa...

Du får kome tilbake med innspel når du har fått lese. Alt er veldig godt skrive. Det er jo ei nyting, sjølvsagt.

Avil sa...

Slik er det jo med all litteratur. Den kan vere godt tenkt og godt skrive, men den kan ikkje vere vedkommande for alle.

Aina Basso sa...

Sant nok. Men ein kan verdsetje bøkene likevel.