23. april 2009

Skulebesøk på Verdas bokdag

Kor lang tid brukte du på å skrive boka?
Når bestemte du deg for å bli forfattar?
Når du skriv... veit du på førehand kva du skal skrive, eller finn du på det etterkvart?


Desse og mange andre fine spørsmål blei stilt av tiandeklassingane eg besøkte på ein ungdomsskule på Nesodden i dag, på verdas bokdag.

Det er intense greier, å snakke for ukjente, unge menneske i tre timar når ein ikkje er særleg van med det. Men for ein dag!

Alle klassene hadde lese boka frå før, hadde førebudd spørsmål og verka som kjekke, intelligente og oppegåande unge menneske. Eg hadde laga eit stikkordsmanus etter prinsippet: det viktigaste først. Men følgte eg manuset? Veeel... for å seie det slik: eg var innom det meste av det eg hadde tenkt i alle dei tre sesjonane, men ikkje i same rekkefølgja, ikkje med lik vekt og ikkje på same måten. Det var kanskje den beste erfaringa. Å innsjå at eg klarer å snakke fritt om boka mi, den historiske bakgrunnen og om skriving utan å miste tråden og utan å gjenta meg sjølv i særleg grad.

Det var også gøy å lese frå boka. Eg las berre to utdrag, eitt veldig, veldig kort og eitt frå slutten, som eg aldri får høve til å lese elles, fordi det røper for mykje. Og eg liker jo veldig godt å lese opp, så det var kjekt. Det mest vellykka var kanskje skrivetipsa eg gav elevane, noko eg håper kjem til nytte når dei skal skrive avgangseksamen om nokre veker.

Men no er eg heilt utslitt. Etter ein iskaffi og Morgenbladet på brygga var det godt å kome heim til sofaen. Eg trur det er ei stund til eg har bygd opp turné-kondisen mange forfattarar har, og eg trur eg ville blitt svært sliten dersom eg hadde byrja i læraryrket - iallfall i byrjinga.
Likevel: dette freistar til gjentaking!
Så la dei små (og store) oppdraga strøyme til meg, og hindre dei ikkje, som det heiter.

5 kommentarer:

Anonym sa...

Så fint at det gikk bra! Morsomt å lese om opplevelsen din.

Aina Basso sa...

Ja, dette freistar til gjentaking!

Anonym sa...

Det er slitsomt, ja, fordi du hele tida har sansene og intellektet i spenn når du gjør slikt; du må ta alle signaler, være klar for alle spørsmål, og ytre deg med vidd og vett, slik at timene blir utholdelige for deg og dem. Di bok, ditt ansvar!

Hyggelig å høre at opplevelsen var positiv!

Unknown sa...

Etpar ting der, Aina: Er det forlaget som sender deg ut på en slik turné eller skolen som tar kontakt? Får du lønn for disse timene?

Aina Basso sa...

Det var skulen sjølv som tok kontakt i dette tilfellet.

Og då får ein betalt, ja. I tillegg til å få dekt reiseutgifter bruker eg Forfattersentrums minstesatsar, som i dette tilfelle var 1.420,- for ein skuletime med inntil 30 elevar. Det finst også nøye spesifiserte satsar utrekna etter kor mange elevar, kor lang tid, osb, i tillegg er det satsar for opplesing inntil 30 minutt (som er det mest vanlege), deltaking i panel, mv. Viss du er nysgjerrig ligg alt dette på www.forfattersentrum.no.

Men no er det slik at dei fleste skular vanlegvis ikkje har råd til å leige inn forfattarar på denne måten, difor er dei fleste forfattarar på skulebesøk gjennom den kulturelle skulesekken - då får forfattaren betalt, medan skulane kan søke om å få besøk og ikkje får utlegg på det. Prosjektmidlar i den kulturelle skulesekken kan ein søke på via Forfattersentrum.