29. april 2009

Overarbeid = skrivestopp

Det eg tenker mest på om dagen er kor inderleg lyst eg har til å skrive.
Og så tenker eg på at eg ikkje skriv. At eg ikkje har tid eller energi eller ork til det, fordi alt er så fullt, livet er så fullt, dagane er så fulle, helgene, det er så mykje å gjere på jobben, det er ikkje noko energi igjen når tida endeleg er der.

Og så tenker eg på at eg håper eg får skrive igjen, snart.
At kanskje denne langhelga vil ha plass til meir enn skatteoppgjer og vindaugsvask og sosialisering og mosjon.
Og så lurer eg på korfor eg set slike ting som vindaugsvask før skriving. Og så tenker eg at det er fordi eg ikkje klarer å konsentrere meg om å skrive når verda eg ser gjennom glasa er grumsete av støv, og den fine balkongen min med nye vårblomar einast synast gjennom eit tjukt lag med fjorårsdrit. At eg vil ha blanke vindauge, blankt utsyn, blanke dagar.

Og eg får vondt i magen. Av å ikkje skrive.

Og eg tenker at dette, det at eg skriv dette innlegget, kanskje betyr at eg er på veg inn i ein ny skriveperiode som vil feie alt rotet av bordet, skvise seg ned i den fulle sofaen, vrikke seg til, få éin til å gå, vere frekk, vere freidig, vere pågåande og kravstor.
Eg håper det.

Kom og vrikk, skriving, kom og skubb med spisse olboger.

10 kommentarer:

Monica sa...

Jeg vaska vinduer i går - det hjalp! Noen ganger er det tåpelig å sette slike ting foran skriving, noen ganger er det egentlig bare en utsettelse, men noen ganger er det også god medisin. Gnikker du litt med kluten, så vrikker kanskje skrivinga seg inn. Hvis det ga mening :-)

Dipsolitteraten sa...

Sigbjørn Hølmebakk skriver om nettopp dette i en roman. Jeg tror det var i "Karjolsteinen". Om hvordan han snekret på huset, gladelig påtok seg både arbeid i hjem og have, - alt for å utsette det han skulle gjøre; nemlig å skrive. Han var tross alt skjønnlitterær forfatter av yrke.
Har du lest den boka?

Aina sa...

Monica:
Haha, godt sagt. Eg trur eg treng å gjere nett det. Gnukke for å forløyse vrikkinga. Ein treng jo reine vindauge. Det må til. Det er vår. Det er sol inn gjennom dei, for søren!

Dipso:
Nei, den boka har eg ikkje lese. Men fenomenet er vel ikkje akkurat ukjent. Blir spennande å sjå korleis eg oppfører meg til hausten når eg sluttar i jobben... Anten blir det veldig reint, eller så får eg skrive masse. Ev. begge delar.

Dipsolitteraten sa...

En assosiasjon: Min moder var alltid vettskremt for lyn og torden. Men hun var også obs på at hun ikke skulle overføre denne redselen til sine unger. Så hun ryddet i skuffer og skap istedenfor å jamre seg. Det var alltid strøkent i heimen hos oss etter uvær!

Dipsolitteraten sa...

PS. Historien har jo ingenting med skriving å gjøre, men jeg syns den er ganske sjarmerende...

Anonym sa...

For en klaging. Drit i vinduene og skriv.

Aina sa...

Dipso:
Einig, veldig sjarmerande historie.

Anonym:
Er det no eg må forklare at dette ikkje handlar om vindauge? Men ok, eg prøver, tru meg.

knirk sa...

Det er rart det der, men tro meg - du er ikke alene. Men det veit du vel.
Du - en ting jeg merka meg - skatteoppgjør. Har du regnskapsfører? Det fikk jeg i fjor og det er så FIIIIINT å få andre til å gjøre det. Ikke var det dyrt heller (her ute på landet). En detalj som ikke hjelper deg i forhold til skrivinga, men likevel....

Lille søster sa...

Kjenner igjen dette, ja. Men du får sikker tid til begge deler til høsten! Men det er rart. Det som vi ser på som aller viktigst, utsetter vi, mens det som egentlig ikke er så viktig, det gjør vi. Det gjelder ikke bare skriving.

Aina sa...

Knirk:
Godt å høyre. Eigentleg har eg vel aldri høyrt nokon klage så mykje over skriving som forfattarar. Men ut kjem bøkene likevel. Det kjennest vel alltid som at ein burde jobba meir. Men kreativitet er vanskeleg å presse fram. Sjølv om eg trur det er lurt å prøve også på dårlege dagar.

Eg har ikkje reknskapsførar, nei. Hadde eit veldig ukomplisert inntektsår i fjor, sidan eg debuterte. Men neste år, derimot! Då blir det nok trøbbel. Så eg trur eg kjem til å ta rådet ditt då!

Lille søster:
Ja, slik er det ofte. Samtidig er eg eigentleg veldig flink til å få gjort dei viktige tinga. Men no verkar det også viktig å gjere andre ting enn skriving, sjølv om eg kjenner i magen og hjartet at det er skrivinga som er aller viktigast.