30. april 2009

Nye debutantar

Eg veit ikkje om det er best å debutere på våren eller på hausten, men eg har høyrt at det er best å debutere på våren, fordi då får ein liksom heile året på seg til å vere debutant. Ein er debutant på vårsleppet og debutant på haustsleppet. Og det må jo vere ein fordel. Noko å tenke på til neste gong. Eventuelt første, viss du ikkje har debutert enno.

I går kunne iallfall elleve av vårens debutantar skodast og helst høyrast på Mono her i Oslo.
Eg stilte for å høyre på vår kjære medbloggar Kristine Tofte som står bak bloggen Vårljos. Ho debuterer i desse dagar med første bind av Song for Eirabu, eit fantasy-epos inspirert av Voluspå, som eg allereie no har høyrt at er eit imponerande verk. Kristine las godt og bloddryppande om blotet hovudpersonen Ragna deltek på.

I tillegg las desse debutantane frå desse bøkene:

Tommy Skoglund frå diktsamlinga Våkne som en del av naturen.
- verka som ei fin bok om døden. Det var godt å høyre korttekst/ lyrikk også. Elles var det romanar det gjekk i.

Preben Z. Møller frå romanen Deflora
- om ein middelaldrande mann som heiter Preben og koser seg med unge, thailandske jenter. Har tidlegare skrive manualen (eller kva ein skal kalle det) Pen søker trygg, om menn og kvinner og kjønnsmarknaden

Christian Valeur frå romanen Steffen tar sin del av ansvaret
- om ein ung mann som bestemmer seg for å slutte å forureine verda med CO2-utslepp.

Johan Mjønes frå romanen Terminalhastighet
- som er historia om eit fall frå Empire State Building, medan "his life flashes before his eyes", eller noko slikt

Kjersti Kollbotn frå romanen Eg er mamma. Eg skal vere god
- om ei mor som kanskje ikkje er så god som ho burde vore. Verka som ei fin og interessant bok.

Guro Sibeko frå romanen Vingespenn
- ein action-thriller om 14 år gamle Silvia Vinge, som etter mi meining minner litt for mykje om Ingelin Røsslands tøffe detektiv-hovudperson Engel Winge, som også er tenåring. Elles hadde kanskje Guro Sibeko den beste opplesinga denne kvelden.

Erlend Efskind frå romanen Der jorden henger i en snor
- om grådigheitskultur blant advokatar. Forfattaren er sjølv jurist.

Lajla Rolstad frå skrekkromanen Nekronauten
- ein gotisk roman, med handling lagt til eit 1800-talsunivers, ein grøssar og detektivthriller som verka overtydande skriven.

Gaute M. Sortland frå romanen Johan
- om guten Johan som mistar veslesøstera si. Sortland var den einaste som verkeleg fekk publikum til å le, godt.

Jens Nordahl frå romanen Fast forward
- ein kunnskapsrik satire om Norge og nyliberalismen. Nordahl er pressesjef i Vinmonopolet.

Og HER finst ei anna vinkling på kvelden.

3 kommentarer:

Bharfot sa...

Åh dere er så effektive, og så på selvangivelsesdagen da!? God gjennomgang dette, og nå ser jeg at både Rullerusk og Beate har gitt sin versjon også. Debutantarrangementet med best bloggdekning noensinne?

Forresten likte jeg godt følelsen av at vi var der og liksom heiet fra en av våre.

Aina sa...

Eg skal levere sjølvmelding for næringsdrivande, elektronisk, og då er det ikkje før 31. mai. Så då har ein jo tid til andre ting.

Du får kome med noko viss du føler for det - når du føler for det!

caterina sa...

vi var vel alle enige om at det hadde vært en fin kveld. og at kristine rulet! :)