7. mars 2009

Poetar døyr også

Eg tok eit bilete av han frå sidelinja
Den einaste gongen eg har høyrt Triztan Vindtorn lese, var ein dag i Operaen tidleg om hausten 2008. Han var der, Geir Gulliksen var der, Tone Hødnebø var der, Nils-Øivind Haagensen var der, Øyvind Rimbereid var der.

Triztan Vindtorn hosta så fælt medan dei andre las, at dei bytta om rekkefølgja så han fekk lese sist.

Så kom han opp. Eg var litt bekymra for at han ikkje skulle klare det. At det skulle bli noko trist, at han byrja hoste medan han las, at han måtte gå ned.

Han kom opp. Med dei rare, fargerike kleda sine. Med håret sitt.
Og så las han. Fine, triste dikt om sirkuselefantar, med raspete stemme, det var nydeleg å høyre på.

No er han død. Eg blei trist då eg las det.

2 kommentarer:

Lille søster sa...

Selv om jeg ikke hadde noe nært forhold til diktene hans, kjenner jeg at det er litt tomt etter ham. Det er ikke mange dager siden jeg satte den nye, fargesprakende boka hans inn hylla på biblioteket. Det er trist at han er død. Han var jo ikke så gammel.

Aina sa...

Eg har ikkje lese noko av han, sjølv. Men eg har skjønt at det er fleire av hans medforfattarar som synest det er trist at han er vekke, som meiner det vil vere eit tomrom etter han.