13. mars 2009

Flamme-Frank og Face Danger

Kva har du vore på?
Lansering av den fjerde ordire boka på Flamme Forlag, Frank Landes Intervjuer.

Når var dette?
I går, torsdag 12. mars kl. 20

Kor då?
Fredaxbaren på Kunsthøgskolen i Oslo

Korleis var det, då?
Ei dramatisering av eitt av intervjua i Intervjuer, ved forfattaren sjølv og ein skodespelar

Ja, men korleis var det? Var det bra?
Jada, bra, vi lo, humra, knegga. Litt låg lyd innimellom

Var det noko meir som skjedde, då?
Ja, ein synthtrommekonsert med Face Danger (ifølgje Bendik Wold truleg eit imperativ) aka bror til Frank Lande, på synthtrommesett. Skulle vare i 18 minutt. Eg tok ikkje tida. Folk stod framme og kika på, som ein vegg. Mykje applaus før det var ferdig

Og vidare? Kva skal du gjere no?
Finne ut om Flammebøker kan kjøpast med rabatt på Kontantutsalet

P.S. Utstrekt kursivering tilsikta. Eit kjenneteikn ved Intervjuer.

6 kommentarer:

*** sa...

hei søta, skjønner du kva bendik meiner med at det truleg er/var eit imperativ? eg spør ikkje for å utfordre. eg spør fordi eg ikkje skjønner, og lurer på! og vi kjem i morgon for å sjå deg!

Aina Basso sa...

Så kjekt, då sjåast vi der!

Ja, han meiner at det truleg skal forståast som "Face Danger!" og ikkje "(to) Face Danger". Som i "hopp!" og ikkje "å hoppe".

*** sa...

herregud, eg er så treig. det var jo eit utropsteikn der som gav meg heile nøkkelen. eg meiner; herregud, eg er så treig! Ü

det blir kjempebra i morgon. gler meg. hopp, fine jenta, og vis oss!

Aina Basso sa...

Neidå, ikkje treg :)
Blir kos i morgon! Eg har kjøpt skjørt.

*** sa...

for ordens skuld; utropsteiknet er imperativ-nøkkelen!

existential cowboy sa...

sist eg prøvde fikk ein ikkje rabatt på flammebøker på kontantutsalet. dårlige greier. kanskje vi burde formulere eit imperativ til flammegutane ang. det der? uansett, blir artig å høre deg i morgon!