13. mars 2009

Dagens finaste innlegg

må de lese HER, i bloggen til Hilde Myklebust; poet, bonde, godvenninne, ypparleg gitarspelar og songar, frilansskribent og framifrå kvinnfolk på alle tenkelege og utenkelege måtar.

Og tittelen er smektande nok:
Møt meg bak hesa når det doggfell

Og viss det er noko eg er einig med frk. Myklebust i, så er det alt som står i dette innlegget. Eg har også ofte hatt lyst til å kakke mannen i hovudet med noko hardt, som ein staur eller kanskje ein istapp. Eller rett og slett be han om å ta seg ein bolle.

4 kommentarer:

Lille søster sa...

Ja, det var fint dette. Som alltid:)

Aina sa...

Ja, sant?!

Avil sa...

Fint skrive, men eg har så overdriven sjølvtillit sjølv at eg føler meg som ein av mennene i denne samanhengen.

Aina sa...

Vi burde med andre ord kakke deg i hovudet med ein istapp?