26. mars 2009

Endå eit kostymedrama

fann vegen til postkassa mi i går, også dette bestilt frå Amazon, nemleg det relativt nye dramaet The Duchess med Keira Knightley i hovudrolla. Eg hadde eigentleg tenkt å sjå denne filmen på kino, men sidan ho eg plar ty til å slike høve allereie hadde sett han, bestilte eg han like godt på nettet til omlag same prisen.

Estetisk sett er det ein vakker film. Det var ein liten nedtur å sjå han på min vesle 21" skjerm, også sidan ein del av teksten som ligg direkte på filmen blir i så lita skrift at ein nesten ikkje klarer lese han dersom ein ikkje går heilt bort til tv-en. Og eg er endåtil ein smule langsynt.

Historia er jo tragisk, sjølvsagt. Det handlar om den unge adelsjenta Georgiana Cavendish som blir gifta bort (med si vilje) til the Duke of Devonshire (spelt av Ralph Fiennes), ein av dei rikaste og mektigaste mennene i England på denne tida (ein gong mot slutten av 1700-talet). Ekteskapet blir ikkje heilt som Georgiana ventar. Medan ho ser føre seg ein ektemann noko i likskap med sin eigen far, ser hertugen føre seg ein mannleg arving og ei kvinne som kan skaffe han det. Og når arvingen uteblir, kolnar også den allereie lunkne ekteskapelege hengivenheita meir og meir, og hertugen tyr openlyst til andre elskarinner. Georgiana, på si side, forelskar seg i ungdomsvennen Charles Grey (Dominic Cooper), noko som på ingen måte blir godt motteke av ektemannen.

Eg likte filmen godt, men eg kunne godt ha sett han på ein større skjerm. Særleg kostymene og parykkane er flotte og kunstferdige, det same gjeld landskap og øvrige kulisser.

3 kommentarer:

Karin sa...

Oi, det var filmen jeg aldri fikk sett på kino. Visste ikke at den var ute på DVD allerede. Selve filmen fikk vel litt så som så med anmeldelser, men kostymene var himmelske har jeg hørt. Og for oss som liker kostymedramaer så er jo det halve vitsen... Hm... denne må bestilles...

Aina Basso sa...

Han kom nettopp ut i England, trur ikkje han er komen her til lands enno. Men det er jo derfor Amazon er så kjekt.

Dårlege kritikkar? Jaja. Fin nok, etter min smak. Eg fekk det eg ville ha, for å seie det sånn.

Karin sa...

Ikke dermed sagt at kritikerne alltid har rett:-) Amazon er kjekt, ja... i tillegg til en del steder hvor man ikke trenger å betale porto på dvder og bøker:-) Fine greier det med å bestille fra det store utland:-)