8. mars 2009

Eit dikt frå :imitabilis


den dagen øyra ditt står i flor
knip eg det av og dreg deg med inn
kvar dag blømer meir av deg
eg vaktar voksteren vart

legg deg i vindaugskarmen
så du skal kjenne sola
medan eg puslar deg
prikkar årene på kroppane våre saman
og legg hovudet mitt ved ditt til hårfjom smittar over

klargjer deg med små, glasklare negler
stryk med peikefingrane
og leitar etter eigne trekk i deg

vender deg så du skal høyre
lovesongen vår
frå stolen
som gyngar fram
og tilbake

Frå :imitabilis av Janne Marie Fatland (Oktober 2008)

1 kommentar:

Elin sa...

Her var det jo!

Ellers liker jeg dette:
eg kåtar meg opp og
gnir hendene i alt det våte

når det tørkar
riv eg tørre fitteflak av hendene
som daude nervetrådar: avskala


Det er så rått og nakent.