Eg les Bøygen 01/03, og merkar meg nokre setningar frå Ida Hevrøys melding av Gunnhild Øyehaugs roman Vente, blinke, som ho har gitt tittelen: Eit perfekt bilete av ein potent roman?
Og når eg les desse setningane eg snart skal sitere, tenker eg med meg sjølv noko slikt som dette: var det ikkje det eg sa i Humor: nynorsk vs. bokmål-innlegget som skapte slik debatt her for ei vekes tid sidan? Ja, eg sa kanskje ikkje nett dette, men noko av det same, på ein måte, nemleg at humor er best på nynorsk? La meg sitere Hevrøy:
Tonen er jovial og humørfylt. Mange av scenane har eit humoristisk preg, og eg humrar ofte mes eg les. Språket flyt lett, og somme gonger lurer eg på om den joviale tonen nærmast fylgjer skriftspråket av seg sjølv. Som om nynorsk har vorte humoristane sitt språk, og kjem automatisk som eksta bagasje - humor - til dei som vel å skrive det.
Noja. Eg er no ikkje heilt einig i dette, sjølvsagt. Visst finst det nynorskforfattarar som skriv humoristisk. Men finst det ikkje minst ørten gongar så mange som skriv gravalvorleg om gravalvorlege tema? Eg berre spør!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
Det var no ein god del alvor i Ingen må vite. Men eg er samd i at den fliren, glimtet, alt det som gjer nynorskhumoren til det den er, ville vore umogleg på bokmål.
Men når det er sagt har eg fleire bokmåls-humor-favorittar, også.
Selma Lønning Aarø, til dømes. Ho er jo veldig morosam. Og Christine Koht, Knut Nærum, Linn Skåber, Trond Viggo Torgersen. Ja, eg nemner i fleng!
Og når det gjeld Ingen må vite, så er der vel ikkje noko særleg humor, nei. Det får bli i neste bok. Eller kanskje den etter det, eller etter det... ja, vi ser.
Legg inn en kommentar