20. mars 2009

Pris til Paal

Sympatisk poet
På onsdag blei ein av mine favorittpoetar, Paal-Helge Haugen, tildelt Gyldendalprisen på 300 000 kr. Han har også fått Aschehougprisen, som så vidt eg har skjønt også er på ein betydeleg pengesum. Pengane skal han bruke til å kjøpe seg fri for å skrive.

Klipt frå aftenposten.no:

Haugen forteller at hans siste diktsamling Kvartett, som består av de fire diktsamlingene Gs bok, Dantes oske, Passasje og Visum, kommer i pocketutgave i mai, en sjelden ting for lyrikk. Juryleder Kjersti Bale fremhevet nettopp Kvartett i sin tale.

–Med årets tildeling ønsker priskomiteen å fremheve en forfatter som helt siden han debuterte 20 år gammel i 1965 har market seg med arbeider av særlig høy kvalitet. Med Kvartett har prisvinneren befestet sin plass blant våre aller fremste forfattere.

Gyldendalprisen er tidligere tildelt forfatter som Dag Solstad, Bjørn Aamodt, Kjartan Fløgstad, Jon Fosse, Jan Erik Vold, Cecilie Løveid, Lars Amund Vaage, Inger Elisabeth Hansen, Stein Mehren, Roy Jacobsen, Einar Økland og Ole Robert Sunde.

Eg gratulerer den framståande, flotte poeten med begge prisane og gler meg til å lese fleire gode samlingar frå han.

2 kommentarer:

Jarle sa...

Må vera ketchup-effekten. Han har jo også fått St.Olav nyleg . . . Gratulerer anyway

Aina sa...

Ok, den effekten har eg aldri høyrt om. At ketsjup kan brukast på alt (unntatt risengrynsgraut)? At når to tomatar går over ein veg og den eine er treg, så blir han overkøyrt, og så seier den andre kom an, ketsjup (come on, catch up)? At ketsjup eigentleg er ein kinesisk fiskesaus av tomat? At ketsjup ofte sprutar på mammas kvite gardiner viss du ristar han utan toppa på? At det er heilt utruleg at nordmenn faktisk et ketsjup, ifølgje sjefen på Bagatelle? At det eigentleg er Heinz ketsjup som er den einaste etande av ketsjup-typane ein har på norske daglegvarehandlar? Eller?