Så er Litteratur på Blå med Bøygen 01/03 En smal sak overstått, og bloggen GaliBlog: Chronicles of Contemporary Art & Culture har lagt ut nokre videosnuttar frå seansen. HER kan de sjå Paal Bjelke Andersen lese sin tekst, eg lese min og noko av debatten på video.
Men eg slår like gjerne til og legg ut videoen av meg direkte, her, så slepper de latingane å klikke dykk heilt inn på den andre bloggen og skrolle nedover forbi Paal før de finn det de sjølvsagt er aller mest interesserte i: meg.
Her er den herlege seansen ubarmhjartig festa til film og presentert i all si prakt på den store, vide veven. Nyt.
Merk for øvrig følgjande: 1. Også denne bloggaren synest namnet mitt kling best som Aino Basso og ikkje Aina. 2. Eg les feil ein stad, korfor det, mon tru? Ser eg nokon, kanskje?
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
12 kommentarer:
Fin tekst, fin blogg, ja i det hele tatt fint.
Takk for det, Skogmo. Det var gøy å få eit blogginnlegg i Bøygen, må eg seie.
Du er flink og kul og bra!
Ntååå...! Du er no bra snill! :)
Eg er iallfall her!
Flink, kul, bra og morsom.
Og så måtte eg fnise litt ekstra av at du bestemte deg for å gøyme deg for vedkomande med kameraet etterkvart.
"Bestemte meg for", ja. Gudskjelov var eg ikkje klar over at eg blei filma, tenker no eg.
Neste gang kommer jeg! Bra, Aina :-)
Det blir kjekt!
Jøss! Hvem var det som filma?
Så bra! Artig, artig! Opplevelsen var bedre live, men likevel... det var fint å gjenoppleve det!
Eg veit ikkje kven han er, men han hadde lenka frå underskog til bloggen sin.
André Gali filmet, superhyggelig fyr som kommer fra kunstscenen (kritiker, fotograf, kunstblogger), og det var jeg som lurte ham med :)
Han gjorde ein bra jobb :)
Og her er ei lenke til dine fine bilete frå seansen:
http://www.flickr.com/photos/bharfot/sets/72157615903621322/
Legg inn en kommentar