25. februar 2009

planet earth is blue, and there´s nothing I can do

Eitt av dei tristaste augneblinka den sommaren var då venninna mi, som ikkje er David Bowie-fan, fortalte at ho hadde vore på Bowie-konserten i Frognerparken, den der han fekk ein kjærleik på pinne i auget (farlege saker, kjærleik). For det hadde ikkje eg.

Og her er ein av yndlingssongane mine med David Bowie: Space Oddity



Og her er den første versjonen av låta og videoen:

13 kommentarer:

Unknown sa...

Det var ein fin konsert det. takk for musikken.

Anonym sa...

Og eg har ståande nokre gamle oscilloskop der ein kan få fram fine sinus- og Lissajous-kurver lik dei på den første videoen.Du kan få eit av meg, om du vil.

Du vil finne døme på fine Lissajouskurver om du fylgjer (fjotteord ?)lenka under. Der kan du leike deg med pilene og få fram fine figurar. Godt alternativ til TV på dårlege dagar.

http://www.ngsir.netfirms.com/englishhtm/Lissajous.htm

Aina Basso sa...

MagFly:
Berre hyggeleg! Glad du likte det!

Bandanders:
Oscilloskop? Eg trur ikkje eg skjøner heilt kva det er, trass i lenka. Gir du vekk?

Anonym sa...

Desse EKG-apparata du ser så mange av på Greys anathomy og liknande seriar på TV, desse som viser hjarterytmen og pip så stygt når hjartet stoppar, er eit slag oscilloskop. Eigentleg er det berre eit målinstrument som på ein bitte liten TV-skjerm viser korleis elektrisk spenning endrar seg med tida.

Desse kurvene ein får fram har vore mykje nytta som effekter i film og videoar for liksom å få fram ei kjensle av "high-tec". Ofte heilt irrelevant, men effektfullt.

Lissajous-figurar er det næraste ein kjem poesi innanfor faget mitt, elektrofaget. Eg forkarer gjerne om du vil.

Skopa eg har ståande, er nokre gamle blekkbokser på storleik med ein gammaldags reise-TV. Dei går snart til gjennvinning likevel.

Aina Basso sa...

Hm! Høyrest ut som noko bror min, radio- og tv-reparatøren, ville ha peiling på :)

Men har eg plass til eit slikt? Eg som bur i ei knøtlita og overprisa byleilegheit med knapt plass til tinga eg allereie har? Du har ikkje eitt av meir metronom-storleik, då? Kva brukast dei til?

Anonym sa...

Jaudå, dette er nok bror din ekspert på. Skopet er hovudsakleg eit verkty for folk som jobbar med elektronikk og liknande. Men med litt fantasi kan ein få til mykje rart. Sjå berre her:

http://www.youtube.com/watch?v=dl507zEkxD0

Dessutan; dersom du vil finne deg eit bein til å stå på, kan du berre finne opp ein eller annan terapi, dikte deg eit flott namn, få ein kvan til å lage deg ein probe som måler eitt eller anna, kople til eit oscilloskop og vips, så har du skapt eit skin av seriøsitet.

Og ja, der finst små skop. Knøttsmå og overprisa.

Aina Basso sa...

Ein kan altså gjere eit skop med desse apparata?

Anonym sa...

Eg har ein stygg mistanke om det ja.

Tenk deg at du kallar deg cardiocommodolog eller noko slikt.

Så får du tak i to prober som kan måle hjarterytmen til folk.

Deretter allierer du deg med ein av musikarvenene dine som har ein PC med eit godt lydkort og koplar probene til denne.

Så koplar du datamaskinen til oscilloskopet og gøymer PC´en under skrivebordet.

Tenk deg reaksjonen til paret som har konsulert deg for å finne ut om dei er ein "perfect match" når du sakte snur skopet mot dei og ein stor hjarteforma Lissajous-figur flimrar mot dei.

Aina Basso sa...

Men min kjære bandanders: Her har du jo allereie skaffa deg sjølv eit levebrød! Og eit morosamt eitt, også!

Anonym sa...

Du seier noko, kanskje eg kan søkje om vigselløyve og.

Aina Basso sa...

Du, det er ein endå betre plan! Det er som eg ser gryna kome flygande ned i lomma på deg allereie.

Anonym sa...

Det er vel ikke meg du sikter til? Jeg var der og jeg er fan. Så absolutt!

-Mariann

Aina Basso sa...

Hehe, nei, ikkje du, Mariann! Eg veit at du er fan!