16. februar 2009

Milepålen

I går prøvde eg for første gong å sitje og skrive saman med ein annan, i same rom, heime i mi eiga stove.

Eg hadde ikkje heilt tru på at det ville fungere, men overraskande nok viste det seg å vere svært effektivt. I lange periodar sat vi begge heilt stille og i våre eigne verder og skreiv, før ein av oss kom med ein liten kommentar ("Å, det eg skriv no er så spennande!" utbraut til dømes eg ved eit par høve, til latter frå oss begge).

Dette vesle skrivekollektivet var faktisk så produktivt at eg fekk sendt eit tidleg førsteutkast av det nye manuset mitt til redaktøren i går kveld. Det kjennest bra å ha gjort det, og heilt merkeleg å sende eit nytt manus inn til eit forlag utan å vere redd. I staden er det godt å vite at eg kan ta ein prat med han såpass tidleg i prosessen, og få nokre råd og innspel på det eg har gjort så langt.

Det må vel kallast ein milepåle!

11 kommentarer:

Lille søster sa...

Oj, så flott! Da er det bare å vente på responsen.

Ertestuing sa...

Good on you! Jeg heier på deg. Og jeg heier på å involvere tidlig i prosessen, i den grad det føles naturlig. For meg har det bare vært godt. Arbeidet tar lang tid uansett. Er spent på å høre om hva du skriver!
Ser forresten du har meldt deg av arrangementet på torsdag *snurt*. Høh. Neida :) Du har jo hørt det triste før. Men en øl ved neste anledning som byr seg ville være hyggelig!

Aina sa...

Takk for det!
Blir sikkert veldig konstruktivt å få innspel no. Har vel berre noko slikt som eit halvt manus, viss ein ser føre seg ikkje berre skrivinga som gjenstår, men flikkinga og researchen og alt dette som skal her og der.

Ja, Monica, eg er usikker på om eg rekk det rett og slett: det er jo bylarm, som du sikkert veit, og eg skal på ein konsert som byrjar klokka seks - så då tviler eg på at eg rekk det. Men eg kjem viss det blir tid! Elles må vi definitivt ta ei øl ved eit anna høve!

Avil sa...

Eg har aldri prøvd å sende ferdig manus med vondt i magen, og har utelukkande gode erfaringar med redaktørinnspel tidleg i prosessen.

Den siste veka har eg gått i gong med eit prosjekt saman med ein forfattar, og det er fantastisk gøy. Å skrive på kvar sitt i same stove er fint, å arbeide med same prosjekt i kvar si stove er også fint. Meir enn fint, faktisk. Eg sat og jobba til 23.30 laurdags kveld, og vakna søndag morgon og sto opp klokka åtte, berre for å sjekke epost med tilbakemelding frå bokpartnaren. Då elskar ein jobben sin. :-)

Aina sa...

Avil:
Då trur eg du tilhøyrer eit mindretal. Eller?

Så spennande! Gler meg til å høyre meir om det. Når skrivinga funkar er det fantastisk gøy, men vi veit jo begge at det kan vere trått også.

Avil sa...

Ja, det er kan hende ikkje så vanleg å få eit forlag med på prosessen når ein skal skrive debutroman. Men fint har det vore.

Det nye prosjektet er illustrasjonar til barnebok, så det går ikkje trått. Teikning går aldri trått, merkeleg nok. Det er jo berre å rable i veg, og så er karakterane og miljøet og scenane vips på papiret med det same. Ein leik, heile vegen gjennom.

Det kjem kan hende til å kjennast trått når det skal finpussast og bli aldeles proft til slutt, men foreløpig er det sånn at eg angrar på at eg ikkje sneik skisseblokka med på jobb i dag. Avlyste avtalar og dødtid kunne jo vore brukt så mykje betre!

Aina sa...

Ja, der har du vore heldig!

Så artig å vere illustratør! Det høyrest absolutt gøy ut. Så det er teikning du liker, ikkje skriving? Hehe.

Avil sa...

Eg elskar begge.

Å skrive roman er eit sjukt maraton der ein skiftevis glor i asfalten og berre tvingar seg fram, iblant rasar av garde på pur entusiasme, og iblant luntar av stad, gløymer seg ut og berre nyter landskapet. Teikning er å svømme med delfinar.

Ville ikkje vore utan nokre av dei, og no ser det jammen ut til at eg får betalt for å drive med begge deler.

Aina sa...

Kan ikkje bli stort betre enn det! Eg håper det går vegen med alle prosjekta dine!

heklehatt sa...

så spennende med skrivekollektiv i egen stue! og heldige dere som jobber med et forlag! lykke til med videre arbeid til alle sammen:-)
h

Aina sa...

Ja, det var gøy! Det må du prøve!
Håper du kjem deg inn på heile forlagsgaleien også, snart! Det hadde vore noko!