16. februar 2009

Berre ein av dei

Det er ein av desse dagane, de veit.
Ein av desse dagane etter ei av desse nettene der du søv uroleg, der du kavar i svevnen, drøymer du er vaken og prøver å sove, men ikkje får det til. Der draumebileta er fæle, forvridde, der gode vennar oppfører seg som dårlege.

Det er ein av desse dagane.
Ein av desse dagane der ein lengtar etter ro, etter kvile. Der ein lengtar etter noko som kan lindre: hovudet som verker, dei såre, trøytte auga, det skjelvande hjartet, dei slitne lemmane.
Det er ein av desse dagane der det mest forlokkande ein kan tenke seg er ein sofa, eit varmt pledd, nokre gode puter. Der ein lengtar etter å sjå Miss Marple- eller Jane Austen-filmar ein har sett hundre gongar før.
Det er ein av desse dagane.

Men i morgon er han over.

6 kommentarer:

Anonym sa...

Hold ut!

Aina Basso sa...

Takk, søte Monica!
Men du: no fekk eg søren meg den MGP-songen frå i fjor på hjernen! Sukk.

Anonym sa...

Sikkert fordi teksten er så bra;)

Aina Basso sa...

Heilt sikkert.

Anonym sa...

Å nei, huff! Unnskyld! Hva med denne heller, da:
Du skal få en dag i måra...

:) Bedre?

Aina Basso sa...

Hehe. Mykje!
Det var ein av dei songane eg pla visualisere veldig som barn :)