27. februar 2009

Kurtby

Då eg var nitten år og byrja jobbe i Havnevik bokhandel i gågata i Ålesund, dessverre nedlagt no - det var ein koseleg bokhandel, skjønte eg raskt at eg hadde gått glipp av noko.
- Har du ikkje lese Naiv. Super? sa ein av mine sjokkerte kollegaer.
- Neeeei...? Burde eg det?
Eg fann raskt ut at eg burde det. Så eg gjorde det. Og eg lo meg i hel.

Seinare las eg Tatt av kvinnen, som ikkje kunne måle seg med Naiv. Super i morosamheitsgrad, og som eg derfor blei skuffa over heilt til eg las henne igjen fleire år seinare. Eg prøvde også å lese Fakta om Finland, men orka aldri lese henne ut. Det var noko med manglande teiknsetjing, meiner eg å hugse.

Og eg har høyrt ei Kurt-lydbok, men ho fenga ikkje særleg, sjølv om alle sa det var hysterisk morosamt. Og eg har lese Doppler, utan at den heller fenga særleg.
Og i går las eg Kurtby.

Det er tre grunnar til det:
- At andre har sagt ho er morosam.
- At eg trengte å le.
- At ho harselerer med Knutby.

Det første som slo meg var at språket på den eine sida er så enkelt at det passar best for åtteåringar, og ikkje vidare raffinert, og at det på andre sida er såpass vakse og komplekst, at det ikkje passar for ungar i det heile.
Deretter tenkte eg på kor utruleg godt eg liker Kim Hiorthøi.

Eg lo ei tre-fire gongar. Så eg blei i betre humør av å lese boka, men ikkje i så godt humør som eg t.d. kan bli av å lese ei god bok av Hovland (eller ei av innsidene hans i Dag og Tid) eller noko av Agnes Ravatn. Eg trur ikkje det har noko med nynorsk å gjere, for Kurt snakkar jo vitterleg nynorsk etter kvart.

Dette er det eg syntest var artig med boka:
- Namnet Kirsti Brud
- Namnet Pastor Astor
- Namnet Kristi Brus

Eg synest også at boka har eit veldig fint omslag.
Jepp, det var vel omtalen sin, det.

7 kommentarer:

Elg sa...

Det var artig å lesa ein blogg som omhandlar litteratur! I dag er det jo så mykje lesestoff i butikkane, noko som gjer det ekstra viktig å velja rett. Eg skal aldri lesa Ari Behn sine bøker. Det er heilt sikkert. Då er det langt kjekkare å bare sitja heilt roleg.

Anonym sa...

Eg har lese Kurtby for sjuåringen og femåringen og 36-åringen (alle tre korva i sofaen kring meg, mens eg forsøkte å lese med likesæl stemme framfor å le så mykje og øydelegge).

Eg lo og lo. Og lo endå meir når eg måtte forklare ungane ting. Og ungane syns det var staseleg med ei bok dei vaksne lo slik av, samstundes som dei likte å diskutere Gud, maktmisbruk og manipulering med meg.

Aina Basso sa...

NRS:
Einig med deg! Dvs. eg har prøvd å lese Trist som faen, i si tid, men tittelen stemte litt for bra med mi oppleving av boka. Velkomen hit, forresten!

Avil:
Høyrest ut som ei bra greie. Skikkeleg familiekosestund.

Anonym sa...

Sidan eg har lese så mykje norrøn mytologi for dei, og har kritisert både amerikanske julenissar og midtaustenbaserte monoteistiske religionar sin plass i vårt liv og vår kultur, samt at me forløpande snakkar mykje om moralske spørsmål, er det fint med ei bok som kan gje andre måtar og vinklar å tematisere religion, moral og ansvar.

Blastocyst sa...

Litt artig at du i dette innlegget faktisk listar opp ting (t.d. "Dette er det eg syntest var artig med boka"), eit verkemiddel som Erlend ikkje nøler med å bruke i nemnte NaivS. Ei bok som verkeleg er veldig bra.

mvh.
HJ Fivelstad

Aina Basso sa...

Det er vel ikkje til å stikke under ein stol at det eg kjente meg mest igjen i i Naiv. Super var nettopp hangen til å skrive lister.

Blastocyst sa...

Lister er ein bra ting. Utvilsamt.

Apropos litteratur, så kan eg nemne at eg no har kløyvd meg gjennom "Illusjonens Bok". Eg skal ikkje seie at eg vart veldig ekstatisk av hovudtråden (professoren sitt forsøk på å gløyme den avdøde familien, samt jakta på ein stumfilmskapar), men det som slo meg som absolutt godkjent var skildringane av denne filmskaparen sitt liv og virke (ei slags biforteljing i hovudforteljinga). Den gav meg noko.

I tillegg kom eg over ei litterær referanse som verka spennande, og som eg sjekka ut grundigare. Dette førte til at "Voyage au bout de la nuit", av Louis-Fernand Céline, no skal sjekkast ut så snart som mogleg...