16. februar 2009

I´ve Seen It All

Eg hugsar første gongen eg såg ein film av Lars von Trier.
Eg sat åleine på rommet mitt på Giske, ungdomsrommet i kjellaren der eg hadde ein gammal tv bror min hadde fiksa, og Breaking the Waves gjekk på tv.
Snakk om å grinefilm! Herregud, det er nok den sterkaste reaksjonen eg nokon gong har hatt på ein film. Inkludert Dancer in the Dark, som eg såg på kino då han kom nokre år seinare. Med Björk i hovudrolla. Ho laga også den nydelege filmmusikken som er gitt ut under tittelen Selmasongs. Ei plate eg høyrte mykje på ei god stund. Og medan songen 107 Steps fekk meg til å grine omtrent kvar gong eg høyrte han, blei eg oftast glad og lett i hjartet av denne: I´ve Seen It All.

På videoen under er det hovudrolleinnehavar Peter Stormare som syng, men på plata er det min favoritt Thom Yorke frå Radiohead. Og altså Björk.

4 kommentarer:

Lille søster sa...

Jeg ble helt dårlig da jeg så Breaking the Waves på kino. Helt ødelagt. Har ikke sett Dancer in the dark. Flott sang!

Aina Basso sa...

Eg har venninner som nærast måtte støttast heim etter Dancer in the Dark (på kino). Eg heldt igjen alt eg kunne, men klarte det ikkje heilt likevel. Men eg tilrår definitivt å sjå han heime i din eigen sofa. Men eg likte han, også. Ikkje berre fælt. Men von Trier er jo litt spekulativ, også, då. Filmane hans er jo reine tårepersene, med berre uskuldige, naive, skjønne, gjennomsyra gode kvinner i hovudrollene, som det går skikkeleg skeis med. Fæle greier.

Lille søster sa...

Ja, jeg synes han nærmest er litt sadistisk. Dogville for eksempel. Stakkars Nicole Kidmans rollefigur der.

Aina Basso sa...

Ja, Dogville er eit godt døme. Han speler på kjenslene våre.