16. februar 2009

Dikt om kveld og kjærleik av Pablo Neruda


OM KVELDANE BØYER EG HOVUDET

Om kveldane bøyer eg hovudet og kastar ut mine triste garn
i dei havdjupe augo dine.

Der på det største bålet logar einsemda mi opp,
og kavar med armane som skipbrotne sjøfolk.

Eg sender raude signal mot dei fråverande augo dine,
som slår lik havet mot stranda rundt eit fyrtårn.

Men du gøymer berre mørkre, mi eigne og fjerne kvinne,
og det hender at frå blikket ditt stig redslekysten fram.

Om kveldane bøyer eg hovudet og kastar ut mine triste garn
i havet som bles i dei djupe augo dine.

Nattfuglane plukkar opp dei første stjernene,
som skin lik sjela mi når eg elskar deg.

Natta rid fram på ei dyster hoppe,
og spreier blå kornaks over markene.

Frå 20 kjærleiksdikt, gjendikta av Kjartan Fløgstad i Dikt i utval (1973).

2 kommentarer:

Speedy Gonzalez sa...

Ah! Kva er vel betre enn Neruda på nynorsk (sånn reint bortsett frå på spansk sjølvsagt) Fantastisk at Kjartan Fløgstad har oversett - dette må takast i nærare augesyn!

Aina sa...

Sjekk det ut! Dei har på biblioteket!