Eg liker å sjå film. Eg liker å sjå ny film, eg liker å sjå gammal film. Eg liker å sjå film for første gong, eg liker å sjå film igjen og igjen. Men ikkje all film.
I helga har eg sett film. Ny film og gammal film og film for første gong og film igjen.
Bra film, ikkje så bra film, og bra nok film.
Ein av dei bra var Det levende slottet av den japanske animé-filmskaparen Hayao Miyazaki. Som eg tidlegare har skrive om fleire gongar, då eg tidlegare har sett fleire andre filmar han har laga og likt dei veldig godt. Det levende slottet handlar også om magi, som alle filmane til Miyazaki gjer i ei eller anna form. I denne filmen er det vonde krefter på ferde. Krig i landet, vonde trollkvinner mot gode trollmenn. Iallfall éin god trollmann, den unge, vakre Hauru. Ja, og så er der nokre demonar sjølvsagt, som forkludrar på sitt vis.
Det er ein fin film. Ein spennande film, ein vakker film, ein stillferdig film, ein god film.
Det handlar om Sophie, ei ung jente som blir fortrolla til ei gammal kjerring av den vonde Ødeheksa. Og som finn sin plass ved den vakre, unge trollmannen si side. Og prøver å få kjærleiken og godleiken til å sigre, og krigen og det vonde til å slutte.
Jau, eg liker Miyazaki. Og eg liker å sjå filmane med japansk tale.
12. januar 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
5 kommentarer:
Jeg elsker denne filmen! Vakker og uforutsigbar.
Som dei fleste Miyazaki-filmane! Eg vil berre fortsetje og sjå. Fleire og fleire og fleire!
Jeg også. Vet ikke egentlig hvor mange det er, vet du? Sønnen min liker dem også veldig godt.
Nei, eg er ikkje sikker.
Eg har sett (og skrive litt om) Det levende slottet
Chihiro og heksene
Kikis budservice
Min nabo Totoro
Princess Mononoke
men det er heilt sikkert fleire. Sjå her: http://no.wikipedia.org/wiki/Hayao_Miyazaki
Her står det noko!
Det skal jeg gjøre. Jeg har sett de du listet opp, bortsett fra "Princess Mononoke".
Legg inn en kommentar