23. januar 2009

Det er tynnelsen som tel

Boka som er einerådande på nattbordet mitt as we speak er skikkeleg tjukk. Ho er på 700 sider, omtrent. Og då seier det seg jo sjølv at eg ikkje kan ta fatt på nok ei tjukk bok. Éi tjukk og éi tynn, tenker eg. Og ei i den sjangeren og ei i ein annan. Høyrest ikkje det fornuftig ut?

Så når eg gjekk gjennom bokhylla mi i går, hadde eg einast to ting for auget:
- finne ei bok eg hadde lyst til å lese
- finne ei tynn bok

Så då fann eg, som de veit, Eg er ikkje redd, eg er ikkje redd, som var fin og tynn, og som eg las ut på ein times tid. Eg la henne faktisk ikkje frå meg ein einaste gong. Og etterpå las eg Ingvill Solberg, Ly, på senga. Også tynn og fin.

Men eg fann også andre spennande bøker, som eg ikkje valde der og då. Men no har eg jo atter plass til ei bok til.

Eg snuste på
  • Marita Fossum, Forestill deg, som også er fin og tynn
  • Marit Eikemo, Mellom oss sagt, som er litt tjukkare, 250 sider. Kanskje for tjukk akkurat no, men ikkje på generell basis. På generell basis ser eg på alt frå 70-250 sider som perfekt lengde på ei bok
  • Bjørn Skogmo, Kortvarig lykke, som også er fin og tynn kortprosa
  • Øystein Vidnes, Ekstasar, som ikkje blei vald fordi eg allereie har lese ei av bøkene hans, og no følte eg for å bli kjent med ein heilt ny forfattar. Det same gjeld
  • Mette Karlsvik, Pol, som er fin og tynn, men som er skriven av ein forfattar eg har lese to bøker av i haust
  • Beate Grimsrud, Hva er det som fins i skogen barn? som ikkje var så veldig tynn, men heller ikkje så veldig tjukk. Eg har tidlegare lese éi bok av Grimsrud, som fall i smak
  • Virginia Woolf, The Waves. Og eg er jo veldig begeistra for Woolf, og boka er ikkje så veldig tjukk, trur eg
  • Jon Fosse, Melancholia, som ser altfor tjukk ut akkurat no. Dessutan har eg nett lese Fosse
  • Edmund Austigard, Krinsereglane, som sikkert er såpass humoristisk at ho ikkje verkar så tjukk
  • Olaug Nilssen, Vi har så korte armar, som sikkert er litt slik som Krinsereglane i så måte

Ja. Det var desse eg vurderte, sånn i forbifarta. Og alle desse vraka eg til fordel for Rune F. Hjemås. Men no er dei oppe til vurdering igjen. Ikkje i dag, for i dag skal eg danse. Men i morgon.

P.S. Då eg søkte på Google biletsøk for å finne ein muleg illustrasjon til innlegget, søkte eg på "tynn", og då kom Keira Knightley opp.

6 kommentarer:

Anonym sa...

Dag Solstads "Forsøk på å beskrive det ugjennomtrengelige" anbefales herved. Det er en rar bok, kanskje endatil litt pretensiøs, uten at jeg skal uttale meg med noe særlig litteraturfaglig tyngde.

Aina Basso sa...

Takkar for det, men den har eg allereie lese.

Monica sa...

Ha ha til ps-en din. :) "Tynn" = Keira Knightley.
Jeg gikk for det første bildet jeg fant av "hvaler", for å si det sånn. Men det hang kanskje litt mer på greip i forhold til innlegget. Kjøpte forresten Runes bok i dag, tenkte å ta den med ut i morgen.

Aina Basso sa...

Så fint. Då har du noko å kose deg med. Og så støttar du ein ung og lovande debutant!

Ja, det er ofte det blir litt merkelege illustrasjonar til innlegga når ein køyrer biletsøk. Og eg følte ikkje Keira hadde noko med innlegget å gjere, endå så tynn ho er.

Anonym sa...

Uæh, Keira!

Eg likte veldig godt Vi har så korte armar, og eg glippa aldeles på humoren. Det var noko rart og nært og sårt gjennom heile boka, eg trur ikkje eg trakk på smilebandet eingong. Likte berre.

Aina Basso sa...

Så bra! No har eg byrja lese Vesaas, men kjenner det freistar med noko humoristisk, også. Men du syntest ikkje det var noko artig?