23. januar 2009

Årets nynorskbok 2008

Dag og Tid har i samband med sine lesarar kåra fjorårets nynorskbok.

Dei nominerte var fem skjønnlitterære titlar og fem faglitterære, men ingen i barne- og ungdomssjangeren, noko ein av dei nominerte, Anders Aschim i BlixBlog reagerer på. Dei melder heller ikkje særleg mykje barne- og ungdomslitteratur der, sjølv om eg trur det både er foreldre og besteforeldre, tanter og onklar og ikkje minst lærarar og andre interesserte som les vekeavisa. Men det er ein annan diskusjon.

Vinnaren av den gjeve tittelen var Marit Eikemo med si essaysamling Samtidsruinar.

Eg har høyrt henne lese frå boka, og er ikkje overraska. Sjølv om eg kanskje likevel er litt overraska over at ho sigra over Gunnhild Øyehaug med Vente, blinke, som kom på ein god andreplass saman med Inger Bråtveit med Siss og Unn. For ikkje å snakke om at ho sigra over Paal-Helge Haugens Kvartett.

Den einaste debutanten som var nominert var Jan Roar Leikvoll og Eit vintereventyr. I tillegg var desse nominerte:
Jørgen Norheim: Adjutanten
Rønnaug Kleiva: Ikkje for varmt, ikkje for kaldt
Stephen J. Walton: Skaff deg eit liv! Om biografi
Nils Rune Langeland: Noreg
Gaute Losnegård: Norsk rutebilhistorie
Anders Aschim: Elias Blix. Ein betre vår ein gong.

Ingen kommentarer: