Eg blei nettopp oppringt av Sunnmørsposten som skal gjere ei lita sak på 2009 som Kulturminneår. Kulturminneåret har som mål å ta vare på og synleggjere kulturvern og kulturformidling, ved å freiste ta vare på både materielle og immaterielle kulturminne frå dagleglivet.
Og journalisten spurte altså meg: Kva meiner du det er viktig å ta vare på?
Eg trengte sjølvsagt tenketid. Eg er ikkje akademikar for ingenting. Men så kom eg på det.
Eg seier ikkje at det er det aller, aller viktigaste i vår tid, men det er viktig, og veldig flyktig. For kor blir alle orda dine av når du slettar dei? Mange seier at alt blir teke vare på til evig tid, uansett kva du legg ut. Men blir det det? I den riktige konteksten? Med all informasjonen som trengs for å forstå det i seinare generasjonar? Kva med bloggane? Folk bloggar jo i vilden sky i dag. Om alle slags ting. Om hagestell, matstell, privatliv, litteratur, film, politikk, kunst, sport, reising... Om alt vi kan tenke oss. Folk elskar å blogge. Og folk elskar å lese bloggar, og å kommentere på dei, bli med i diskusjonane.
Men korleis blir desse tekne vare på, viss bloggforfattaren vél å slette bloggen sin (noko ho kjem til å gjere ein dag, ver du trygg)? Og kor kan vi betre følgje kva vanlege folk, ja sjølve tverrsnittet av folket, er opptekne av enn via bloggar? Små og store spørsmål, seriøst og useriøst, bra og dårlege, alle slags meiningar frå alle leirar. Kva fortel meir om vår tid enn dette?
Så eg slo eit slag for bloggen, eg. Bloggen din er også eit kulturminne.
Saka i Sunnmørsposten kan lesast HER.
11 kommentarer:
Ordene blir lagret inne i fjellet i Mo i Rana, i Nasjonalbiblioteket.
Så vidt eg har forstått tek Nasjonalbiblioteket jamnleg "dumpar" av ein del faste internettstadar, men eg trur ikkje dei gjer det med absolutt alt som finst.
Bloggane eksisterer jo på eit vis utanfor norsk internettsone, ettersom vi bruker gratis .com-programvare til å skape dei. Og eg trur ikkje Nasjonalbiblioteket tek vare på det som ikkje sluttar på .no.
Det gjelder også norskt innhold på utenlandske domener mener jeg.
"Nasjonalbiblioteket høster med jevne mellomrom inn alle dokumentene som ligger på .no-domenet på internett. Siste innhøstingsperiode var i perioden 17. november 2007 – 1. april 2008. I løpet av disse månedene ble 135.741 unike domener, med tilhørende underdomener, besøkt. Om lag 547 millioner URL’er (unike webadresser) ble samlet inn.
83 % av alle URL'ene som ble høstet består av webddokumenter (tekst formatert i webkode) 14,5 % var bilder og 1,5 % av URL'ene er nedlastbare dokumenter (PDF, Microsoft Word etc.) 0,25 % var lydfiler 0,05 % var videofiler. Dokumentene blir bevart i Nasjonalbibliotekets digitale nettarkiv, hvor de på sikt vil bli tilgjengelig for forskning og dokumentasjon.
Neste innhøsting settes i gang allerede mandag 19. mai, og da vil norske bedrifter som har webadresser på andre domener enn .no (for eksempel .com) også få sine sider høstet inn."
Ref: 20.05.2008
http://www.nb.no/aktuelt/naer_550_millioner_unike_webadresser_hoestet_inn
Her står det berre om bedriftssider på .com. Meir har eg ikkje funne på www.nb.no.
Åh. Ja. Du seier noko. Ein dag burde ein kan hende skrive ut heile faenskapet på papir og sette i digre ringpermar. Før ein sletter, alstå.
Ja. Det blir fint.
Velkomen til vår papirlause framtid.
Eg trur ikkje på den der papirlause framtida. Mest fordi det digitale blir skifta ut heile tida, nye format, ny hardware, ny software, maskinar som kræsjar, ny laptop, ny mobil, oi ups, gløymte å få alt det gamle over. Oisann.
Nei, det gjer ikkje eg heller.
Og eg for min del har iallfall ikkje noko lyst til å berre lese ebøker.
Ebøker er litt sånn "tvi vøre" i mi verd.
*dinosaur*
Papir er forgjengelig. Bruk steintavler, eler skjær orda i tre og deponer dem i myr eller under blåleire! Hilsen arkeologen
Ah, godt poeng, Silje!
Høyr, høyr! Arkeologen har talt :)
Koser meg forresten med boka di. Du har gjort ein god jobb! Og så håper eg det står bra til med den vesle familien.
Legg inn en kommentar