9. januar 2009

Biblioteket og brukaren

Biblioteket gjer seg tilgjengeleg på nettet og i mange små, fine filialar rundt om i byen og landet.

Biblioteket på Giske var det første klasserommet eg hadde på førskulen.
Eg hadde med to skiver med majones og fårepølse. Sikkert smør under der igjen. Og raud saft på ei lita plastflaske. Safta smakte litt lunka, litt blasst, men godt, då vi åt matpakkane våre.

Framom oss ei stor, grøn tavle. Det var på den tavla vi lærte teksten til Håvard Hedde utanat, nokre år seinare, ved at læraren viska ut ei og ei linje, medan ho insisterte på at teksten framleis stod der. Og vi såg. Og vi hugsa. Og vi song.

Eg heiter Håvard Hedde. Eg er så ven ein kar.

Teksten sit framleis.

Til venstre var ei lang rekke med store vindauge ut mot skulegarden, den gamle gymsalen, der vi seinare skulle ha musikkundervisning, med gyllenbrune ribbeveggar vi kunne klatre opp i i friminutta, og kike ut det vesle vindauget heilt oppe i mønet.

Bak oss, i biblioteket, stod hyllerader med bøker. Og på golvet var det eit mørkt vegg-til-vegg-teppe. Eg hugsar det som mørkegrønt, det kan like gjerne ha vore mørkeraudt.

Då eg blei eldre var biblioteket ope kvar onsdag. Det var aldri nokon der. Berre bibliotekaren og eg. Kanskje ein slengar ein og anna gongen.
Eg oppdaga mange i dei hyllene.

No har eg funne min eigen lokale filial her i Oslo. Eg liker biblioteket. Eg går dit, eg låner filmar, eg låner lyrikk. Mest det.
Og eg stiller meg på venteliste på nettet for dei bøkene som er nye, dei som får mykje omtale, dei eg også føler at eg må lese.

No står eg på 212. plass på Vente, blinke av Gunhild Øyehaug. Bibilioteket har 29 eksemplar av boka. Av mi eiga bok er 7 eksemplar utlånt. Og 30 er ledige.
På den lokale filialen min skal boka mi no stå på hylla. Det gjorde ho ikkje då eg var der sist, for nokre dagar sidan. Eg sjekka. Eg gjer det ikkje ofte, ikkje kvar gong eg er innom. Men eg har gjort det to gongar.

Den første gongen stod ho utstilt med det fine omslaget sitt. Sist gong gjorde ho det ikkje.

6 kommentarer:

Anonym sa...

Det er nesten ei slik heilag akse mellom barndommens bibliotek og det å få si eiga bok i hylla.

Lille søster sa...

Er på jobb på biblioteket i dag. Så etter boka di på mu-hylla. Og der sto den. Men biblioteket har to eksemplarer, og den andre er utlånt.Fint, ikke sant?

Anonym sa...

Her på biblioteket ligger boka di blant anbefalingene, men er ikke utlånt pr i dag.

Men vil også nevne at "Vente, Blinke" har stått i NY-hylla her siden november - urørt. Slik er biblioteknorge, men nå blir selvinitert fjernlån snart utbredt, og kan hjelpe litt for de som er ivrige.

Aina Basso sa...

Avil:
Ja, visst er det! Men faktisk ikkje så ufatteleg når ho først stod der. Kanskje fordi eg hadde sett henne i bokhandelen i nokre månadar før ho dukka opp i bibliotekshylla?

Lille søster:
Ja, det er fint!

Rolf Steinar:
Kva for eit bibliotek er det? Burde eg kanskje fjernlåne Vente, blinke derifrå?

Anonym sa...

Jeg leverte akkurat et eksemplar av Vente, blinke tilbake til biblioteket, så nå har du forhåpentligvis rykket et skritt fram i køen :) Vet fortsatt ikke helt hva jeg synes om den, eller om jeg synes at det var den beste boka som kom i 2008 slik en del kritikere vil ha det til. Tror muligens jeg må lese den en gang til.

Hm, så akkurat nå at på Blinderen har de to eksemplarer og null venteliste. Bare et lite tips.

Aina Basso sa...

Takk for tipset! Eg får sjå om eg tek turen viss ventetida blir for lang. Eller kanskje eg berre kjøper boka. Kven veit.