9. januar 2009

To dikt av Hilde Myklebust

I

Dei nettene eg vaknar
står opp og kjøler andletet
med kalde klutar
veit eg du kjenner meg
krype inn bak augeloka dine
i ein svak krampe
du trur er trøyttleik

II

Det fyrste og det siste eg tenkjer på
er andletet ditt
Slik svalar eg saknet av deg


Frå Berre dagar seinare av Hilde Myklebust

Ingen kommentarer: