17. desember 2008

Vondt, vakkert vintereventyr

Ein av debutantane som har utmerka seg i haust, er Jan Roar Leikvoll og hans mørke roman Eit vintereventyr.

Vi møter den namnlause "eg" som arbeider i ein konsentrasjonsleir, i ei tid og på ein stad i verda som ikkje er spesifisert. Dette fråveret av forankring i tid og rom får ein ny dimensjon når ein har lese boka og blitt kjent med hovudpersonen, for det er tydeleg at hans verd berre finst to stadar: innanfor dei summande straumgjerda og særleg innanfor hans eige hovud, i hans eigen fantasi.

"Eg" arbeider i konsentrasjonsleiren saman med romkameraten og objektet for hans lengsel og kjærleik, Hans. "Eg" er ein finsleg kar, med spede lemmar og fakter som på ei kvinne. Rundt han ligg elendet og trykker. Omnane går dag og natt. Eit tynt lag oske fargar snøen grå og blandar seg med lufta han pustar inn. I depota ligg klede frå fangane, "snauskallane" eller dei "sjuke", framleis varme etter kroppar, sko som framleis luktar av menneskeføter, i andre heng kroppar etter krokar i taket. Midt i alt dette lever "eg". Langt frå den verda han ein gong kjente, som han har spart inni seg, som han flyg til, i tanken, så ofte han kan.

Eit vintereventyr er ein svært poetisk roman, med mange verkeleg fine sekvensar. Det er også ein brutal, gruvsam roman, ei forteljing om menneske som har mista begrep om vondt og godt, som kanskje har mista sjølve medmenneskelegheita. Men som framleis har kjærleiken varm og klar i hjarta sine, sterk, hamrande, lengtande.

Eg har brukt tid på å lese denne romanen. Fordi han er dyster, vond, vanskeleg å forhalde seg til. Men det er også mykje fint her. Mykje som er inderleg vakkert. Kanskje er det nettopp i skjeringspunktet mellom det vonde og det vakre litteraturen skapast?

Eg ser fram til neste bok frå handa til Jan Roar Leikvoll. Eg håper eg ikkje treng vente for lenge.

12 kommentarer:

ertestuing sa...

Gikk rett inn og sjekka romanen, helt vanvittig gode anmeldelser, jo! Denne fikk jeg lyst til å lese. Som juleønske fra andre er det for seint, men kanskje jeg kan ... Ja. Jeg må nesten kjøpe den selv. Takk for knalltips - igjen!

Aina sa...

Ja, denne boka har vel berre fått gode meldingar, så vidt eg har lese!

a9ta sa...

Takk for omtale, denne skal jeg lese.

Lille søster sa...

Men jeg gruer meg litt til å ta fatt på den. på grunn av innholdet.

Aina sa...

Ja, det er sterk kost. Kanskje særleg for deg som er mor. Men mykje fint, òg, viss ein ser forbi det fæle!

Men eg vil ikkje tilrå deg å lese denne samtidig med dei andre mørke bøkene du legg opp til jula :)

Lille søster sa...

Nei, jeg får nok vente til litt utpå nyåret før jeg gir meg i kast med den... Vil jo gjerne.

Aina sa...

Ja, du må lese denne boka!
Men på riktig tidspunkt.

Noko eg ikkje nemnte i omtalen er kor djupt truverdige karakterane er. Det slo meg då eg hadde lese ut boka, kor djupt eg trudde på dei.

Lille søster sa...

Ja, det er jo kjempeviktig!

jr sa...

Til Aina, takk for den fine omtalen av boken.

Til Lille søster, feir julen først, så les boken på nyåret:-)

Lille søster sa...

Å, nå skjønner jeg hvem som er jr!
Ja, jeg skal lese den på nyåret.

Aina sa...

JR:
Det er deg vel unt!

JR sa...

:-)

Takk, Aina.