6. desember 2008

Språk og husflid

Noko som har drive inn og ut av medvitet mitt dei siste vekene, og som eg kvar gong har tenkt: dette må eg skrive om!, før det har drive ut igjen og forsvunne for ei stund, er eit par nyord eg har oppdaga i den nynorske vekeavisa for kultur og politikk, sjølve Nynorskens Fyrtårn, Dag og Tid.

No er det jo slik at vi nynorskingar, kanskje i større grad enn det store fleirtalet av bokmålingar, vil nytte gode, norske ord i staden for nye, engelske lånord. Difor bruker vi gjerne ordet formgjevar i staden for designar, og vi har ein hang til å fornorske skrivemåten på ein del typiske engelske lånord, som allereie er så innarbeidde at vi vanskeleg kan omgå dei (eller vil omgå dei, om vi vil ha eit sprekt og hæppening (godt døme) språk).

Eit slikt døme er å skrive kikk i staden for kick. Noko som sjølvsagt kan bli misoppfatta og lese "kjikk", men den sjansen får vi ta. Noko eg syntest det var ekstra kjekt å skrive på vidaregåande, var ord som kæmpingvogn og kjartertur. Og Marit Kaldhol, som jo er forfattar, men som også var norsklæraren min på vidaregåande, og som definitivt er for fornorsking av skrivemåten, har endåtil byrja skrive resturang i bøkene sine. Og korfor ikkje? Vi skriv då verken etage, jealoux eller chauffeur, lenger, så korfor tvihalde på restaurant?

Men tilbake til desse nyorda frå Dag og Tid, som nettopp handlar om formgjeving, nemleg

Bokbunad
og
Bladbunad

Og vi kan godt seie: steik kor stilig! Det er jo knallbra ord. Skikkeleg kule, norske ord.

Eller vi kan seie: bunad? Nynorsk OG bunad?
Og sukke litt oppgitt, og tenke at dette stadfestar alle fordommane bokmålingane har mot nynorskingane, som litt trege, trauste målfolk (no offense, mållaget, eg er målkvinne, eg, for all del, betalar kontingenten min med glede) med i-mål og lusekofte.

Eller kva seier de der ute? Bokmålingar? Nynorskingar? Er eg ufin no?

8 kommentarer:

Avil sa...

Eg skriv nynorsk fordi eg snakkar ein dialekt som liknar mest på det skriftmålet, og fordi eg gjekk på ein skule med nynorsk som hovudmål, alle kring med skreiv nynorsk, lokalavisa var på nynorsk og i det heile.

Eg er ein etnisk nynorsking.

Eg føler meg verken forplikta til å spreie nynorsk, vere særleg oppteken av fornorskingar eller nyord eller å trassig halde gamle, norske ord levande i litteraturen.

Tilfeldigvis er det slik at eg også er glad i fornorska skrivemåtar (takk, Anne Marit Godal, du gjorde ein helsikes god jobb med meg der!) og nyord (igjen, takk AMG!) og blir litt mo i knea av gamle, norske ord (dels takk til lokalavisa Sunnhordland sin gamle korrekturlesar, som lot oss stordabuar lese ord som "kverrsett" kvar dag, og dels takk til omsettaren av Ringdrotten).

Og grunna alt i førre avsnitt syns eg bladbunad og bokbunad er kult. Ikkje fordi eg er nynorsking, altså, men fordi eg er glad i alt det der andre.

Hege sa...

Hehe, ei lita utfordring for oss organiserte målfolk det der.

Me har nemleg eit aldri så lite immitsj(?)problem me i målrørsla: Svært mange som ikkje kjenner Mållaget trur me kler oss i bunad, dansar folkedans og strikkar lusekofter kvar gong me møtest. Og det er ikkje det at me ikkje likar bunad, folkemusikk eller lusekofter, men det er svært langt frå kvardagen til mållaget.

Difor skjønar eg at Aina kanskje stussar litt på nett ordet bladbunad (bokbunad). Til no har eg likevel ikkje funne noko betre ord for det engelske layout, som ikkje ligg godt i munnen. Og eg sluttar meg til både Aina og Avil sine vurderingar av fornorskingar og avløysarord, så inntil vidare får det bli bladbunad, då!

Og så må eg nytta høvet til å seia tusen takk for sist på Falturiltu, og tusen takk for den nydeleg-grufulle boka di som eg endeleg har fått og fått lese!

Aina sa...

Avil:
Eg er også etnisk nynorsking, men det er jo ingen motsetnad i å vere etnisk nynorsk og ville arbeide for språket?

Hege:
Kjekt at du likte boka! Sjølv takk for sist, det var hyggeleg å endeleg treffe deg! Og kjekt at du kommenterer på dette innlegget.
Til dei som ikkje veit kven Hege er, så kan eg røpe at ho er leiaren for Noregs Mållag, iallfall har ho vore det fram til no, men skal altså gå av (har gått av?). Kjekk jente med fine kjolar :)

For på ein måte synest eg jo òg at det er litt tøft med desse nye orda blad- og bokbunad. Det er tydeleg, lett å forstå og veldig norsk. Men så er det dette folkedans-, lusekofte-, bunad-, lefse-, museumspreget mange andre forbinder med nynorsk, som fører til eit imittsj- (hehe)problem og som fører til at både den nynorske litteraturen og sjølve målrørsla verkar litt mindre hæppening enn vi eigentleg er. Eller? Er ikkje vi hæppening? :)

bandanders sa...

Kanhende er ein situasjonsrapport om tilhøva for nynorsken sine fotsoldatar på NTNU ikkje fullstendig or vegen no:

http://perkristian.wordpress.com/2008/11/26/harde-bud-i-nynorskens-skog

Aina sa...

Hehe. Artig, bandanders.
Særleg kommentaren: "bokmål er jo sidemålet ditt!" Klassisk.

kristine sa...

Nå er jeg en bokmålbruker, men etter å ha bodd i Storbritannia synes jeg ofte at engelske ord blir dumme på norsk. Dessverre hender det at de engelske ordene kommer når jeg snakker, men jeg prøver å unngå dem skriftlig.

Når det gjelder layout pleier det å fungere for meg å skrive oppsett/sideoppsett. Finnes det ikke noe nynorsk ord for det? Eller er det i fint nok?

Silje sa...

Som (noe i nærheten av) etnisk bokmåling må jeg innrømme at jeg ikke var i stand til å gjette hva bokbunad/bladbunad var for noe, sånn tatt ut av kontekst (jeg tenkte mer i retning av omslag, som forøvrig er et godt norsk ord for cover). Jeg liker nye ord, bevares, men pragmatikeren i meg legger vel hovedvekt på at orda skal være forståelige ... Oppsett høres på meg ut som et godt alternativ for begge målformer.

Aina sa...

Kristine og Silje:
Faktisk er blad-/bokbunad eller kanskje -drakt eit godt ord for det dette freistar omfatte, nemleg både omslag, font, illustrajonar, oppsett, rett og slett: heile pakken. Så oppsett vil nok ikkje vere dekkande, slik eg oppfattar det.