6. desember 2008

Sånn, borte

I går fekk eg den nyaste boksingelen til Flamme i posten, den frykteleg fine og frykteleg triste Sånn, borte av Monica Isakstuen Stavlund, som eg også har skrive om før, etter at eg høyrte henne lese frå han på Poetisk sone for nøyaktig ei veke sidan.

Så las eg han i dag, etter frukost, og måtte gråte ein skvett.

Det tek ikkje så lang tid å lese desse singlane. Det tek omtrent like lang tid som å ta ein kopp kaffi, viss du ikkje drikk for fort. Eg liker konseptet. Liker det betre og betre. Eg hugsar første gongen eg las om det. Om desse to raringane som skulle starte sitt eige, vesle forlag. Eg hugsar biletet i avisa (eg trur eg endåtil har rappa det og brukt det i eit blogginnlegg).

Singlane er på rundt 15-20 sider (eller 12-24, for å vere eksakt) og kostar maksimalt 60 kr stykket. Vi som er med i Singelklubben får singlane før dei kjem i bokhandelen, men singlane er altså å få kjøpt for alle andre, òg, anten i nokre bokhandlar eller på nettet.

Eg vil anbefale Sånn, borte. Det er trist, men fint, og ei fin lita gåve no i desse gåvetider.

8 kommentarer:

Lille søster sa...

Tenkte jeg skulle bestille denne, ja.

Ståle sa...

Ikke hørt om, men det høres ut som noe som kan være av interesse. Både som gave til meg selv og til andre. Takk nok en gang for et godt tips :-)

God helg til deg!

Aina sa...

Så fint!
God helg tilbake!

Tehme Melck sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Tehme Melck sa...

Nå er jeg blitt så nysgjerrig på disse utgivelsene at jeg blir nødt til å se litt nærmere på dem.

Aina sa...

Det må du gjere, Jørn. Det er jo i tillegg vakre samleobjekt, designa av Yokoland. Og med alt frå nye, ukjente til kjente og etablerte forfattarar som bidragsytarar.

ertestuing sa...

Tusen takk, fine Aina :)

Aina sa...

Ver så god, fine Monica!