2. desember 2008

Å skrive kjærlighetsbrev

Er det nokon som ikkje liker kjærleiksbrev? Nokon som ikkje har fått eitt, kanskje? Som aldri har skrive eitt? Nokon som har lese altfor mange, kan hende? Som synest det berre er tull og fjas?

Eg har nyleg lese ei av haustens debutbøker, Å skrive kjærlighetsbrev av Elen Fossheim Betanzo, og denne boka handlar, som du kanskje skjøner, nettopp om kjærleiksbrev. Men ho handlar ikkje eigentleg om å skrive dei. Det er ikkje ein manual. Mest handlar ho om å lese dei, om å freiste finne ut kva som gøymer seg bak dei, å ta det til seg, å innkapsle det i sitt eige, unge sinn, for å freiste fatte noko om kva kjærleik er, eller, for å seie det enkelt: For å lære seg å bli forelska.

Lære seg å bli forelska? Treng nokon det, då? kan du kanskje spørje. Eg spør iallfall om det. Eg, som første gong (som eg kan hugse) blei forelska då eg var fem år, i ein eldre gut i kvit fotballshorts, med brune auge og lysebrun hockeysveis. Nede på fotballbanen, der alle dei fine gutane var. Og eg var altså berre fem. Og stormande forelska.
Skulle nokon trenge å lære seg det?

Eg som låg på vegg-til-vegg-teppet på rommet mitt og var så forelska. Eg var forelska heile tida. Eg var forelska i popstjerner, i gutane på skulen, i guten i bedehuskoret, han med dei fine krullane, du hugsar vel han? Eg var forelska og eg var forelska og eg var forelska. Så forelska var eg, at ein skulle tru eg hadde brukt opp heile forelskinga. At ho brende opp. At eg brende henne ut, der, i barneåra, i tenåra.

Å, smerten! Forelskinga! Dei fine popsongane!
Og så alle kjærleiksbreva, då. Og kjærleiksdikta.
Dei eg aldri sende, dei eg sende. Dei eg gav bort, overmodig, i eit friminutt.
Men kan slikt brenne ut? Kan det? Eg berre spør.

Eller kjem det berre litt sjeldnare, med åra. Sjeldnare, i forholdet. Sjeldnare, fordi det er vanskelegare å treffe han med krullane, han med den lysebrune hockeysveisen. Eller ho med dei mjuke smilehola. Eller kanskje fordi ein har treft han med krullane, han med hockeysveisen, ho med smilehola, men er så smått blitt vand med han, eller henne?

For kan det eigentleg brenne ut? Brenne opp? Kan lageret bli tømt?
Eg berre spør. Er det ikkje som å lære seg å sykle?

5 kommentarer:

Avil sa...

Det kan faktisk forsvinne og bli borte. I årevis, sånn at du trur det var dette som var å bli vaksen. Du kan vere så uforelska og harmonisk at du er viss på at alderen er ein fin og litt trist ting som du kan venne deg til.

Hahaha.

WHAM! BAM! THANK YOU MA'M!

Og så sit Amor der oppe og hånflirer heile vegen til postkassen.

Avil sa...

Ja, for Amor er ein av desse som sit medan han beveger seg mot postkassen.
Sjeldant for folk, men ganske vanleg om ein er guddommeleg eller liknande.

Aina sa...

Haha!
Eg trudde det var heile vegen til banken ein pla flire, eg! Også Amor, då! Men han har jo venger, då. Så han kan sitje og flyge samtidig. For det kan jo ikkje menneske. I flymaskiner. Hm. Nei, dette var vanskeleg.

Avil sa...

Ein finn ikkje kjærleiksbrev i banken, sånn til vanleg?

Aina sa...

Ah. Postkasse. Kjærleiksbrev.
*svusj over hovudet med det*

No til dags trur eg forresten innboksa er meir staden.