2. desember 2008

Julekalendertid

Det er ikkje julaftan, babe, men det er den andre luka i julekalenderen, 2. desember, og eg har merka meg at iallfall fire av bloggane eg les fast (ok, Bendik, Flamme er ikkje ein blogg, han har eit redaksjonelt innhald og ikkje kommentarfelt, men det liknar elles mistenkeleg på ein blogg, utan at eg synest det er noko negativt i det) har slått til med julekalender i år.

Elin i Av en annen verden har sin eigen vesle julehistorie-kalender, så viss du er av dei som liker julelitteratur no i desse julete førjulstider, så vil eg tilrå å ta ein kik HER kvar einaste dag no framover mot jul.

Ein annan litterær julekalender står Poesiportalen for. Her får vi kvar einaste dag no fram mot jul eit lite dikt å gle oss over, så for dei som kjenner seg i det poetiske lunet, er DENNE julekalenderen det rette valet.

Også Rullerusk har ordna med julekalender i år. Her får vi smakebitar både av musikk og litteratur, ser det ut til, og riktig triveleg blir det nok. Så sjå HER og følg med!

Og så, ikkje heilt sist, men heller ikkje minst, har vi Flamme forlag sin eigenproduserte videokalender. Og kva skal eg seie? Første luke viste to glade forlagsredaktørar som julesong av full hals, medan dei i dag har teke det heile ned på eit meir seriøst nivå med eit intervju med Silje Riise Næss, programansvarleg ved Litteraturhuset i Oslo, som mellom anna fortel om sølvpussing og ei stor, skinande popstjerne (var det det? var det ikkje det?) som ho har hengt opp i leilegheita si. HER, altså, for Flammefansen.

Så må eg ikkje gløyme forlaget mitt sin julekalender, der ein kan vinne bøker etter svar-på-nokre-spørsmål-du-lett-kan-lese-deg-fram-til-prinsippet, Det Norske Samlaget sin julekalender... HER!

God førjulstid!

8 kommentarer:

rullerusk sa...

Reklame for julekalenderen min! Hurra! Alle må komme og se for det blir mye førjulsgodsaker borte hos meg. Tips om alternativ julemusikk, advendtslektyre, klipp fra julefilmer, julebakst og det er ikke måte på.

Og takk for tips om Poesiportalens julekalender. Den skal jeg definitivt følge med på.

Aina sa...

Det høyrest spennande ut, du!

Avil sa...

Høh. Seier Bendik at Flamme sin blogg ikkje er ein blogg? Er han sur for at namnet hans er i bruk?

Bendik: Det er ikkje mobbing! Namnet ditt er eit av dei finaste eg veit! Du framstår som ein mann som er fornuftig og likevel kreativ, intelligent og likevel i stand til boble, du er vakker utan å vere fløytepus og du er allsidig utan å sprike. Du er noko av det finaste me veit.
Og så det namnet.
Det kunne ikkje bli annleis.

Når ein først hadde noko verkeleg fint med eit skjemmande namn, og ein skulle finne eit nytt FINT namn til det.
Det kunne ikkje bli annleis.

Bendik Wold. Berre smak på det. Alt blir vakkert då.

Og Flamme er ein blogg.

Aina sa...

Hehe. Avil, då.
Bendik er då vel ikkje sur.

Avil sa...

Nei. Han er forhåpentleg ikkje det. Det ville vere oppriktig leit.

Elin sa...

Yay, du reklamerer for meg! :-D Tusen takk! Og de som ikke er så julete av seg kan trøste seg med at det kommer andre ting innimellom også. ;-)

Bharfot sa...

Jeg vet om enda en kalender, hos Filmskolen på Lillehammer. Studentene har laget hver sin lille kortfilm og legger ut en ny hver dag. Her.

Aina sa...

Takk for fint tips!