14. desember 2008

Månen

Det er natt, ute skin ein feit fullmåne, med skyer drivande rundt seg.

Eg les grøssaren Darlah. 172 timer på månen av Johan Harstad, og byrjar så smått å bli litt skvetten.
Eg las ein stad at månen aldri vil bli den same etter du har lese denne boka.
Eg byrjar å tru på det.

9 kommentarer:

Lille søster sa...

Jeg leser også Darlah, har akkurat begynt, så jeg vet ikke helt hvordan den er ennå.

Anonym sa...

Den har jeg kjempelyst til å lese!

Aina Basso sa...

Urk.
Eg blei så mørkeredd i natt at eg berre måtte slutte å lese, og ligge heilt stille under dyna og prøve å tenke på hyggelege ting. Den mørke stova låg utanfor og var frykteleg skummel.

Eg las ut boka i dag tidleg. Og jammen kjente eg ikkje at eg var ganske skvetten då eg gjekk i dusjen - i fullt dagslys!

Så denne må du lese, Elin. Ser fram til å høyre kva du synest, Lille søster!

Lille søster sa...

Det høres ut som boka er verdt og lese ja. Kanskje blir det litt i for meste laget å lese "Jeg skal vise dere frykten" av Frobenius i tillegg..

Aina Basso sa...

Hehe. Kan kanskje vere greitt å heller balansere litt, ja.

Anonym sa...

Eg ser dette som ei klår avbefaling av boka. Oh skrekk.

(Månen har fleire aldeles magiske trekk og eg går litt svanger med noko månemytologi til ei seinare bok. Så eg vil ikkje forstyrrast av ond månebok. Men eg har så mange bøker i magen og minst femti av dei blir det neppe noko av så treig som eg er.)

Aina Basso sa...

Absolutt, Avil!
Du kan jo lese denne etter at du har fått nedteikna denne månemytologien din! Eg trur nok det vil bli såpass forskjellig (dette er jo meir i science fiction-kategorien) at det ikkje vil forstyrre deg på sikt.

Korleis går det?

Sesselja sa...

Tenk at bak den dølle tittelen kan det gjemme seg ei bok som gjør folk skvetne.

Aina Basso sa...

No kan det jo hende du er tøffare enn meg, Sesselja, men eg blei iallfall mørkeredd sjølv om det var lyst ute.