Det er natt, ute skin ein feit fullmåne, med skyer drivande rundt seg.
Eg les grøssaren Darlah. 172 timer på månen av Johan Harstad, og byrjar så smått å bli litt skvetten. Eg las ein stad at månen aldri vil bli den same etter du har lese denne boka. Eg byrjar å tru på det.
Urk. Eg blei så mørkeredd i natt at eg berre måtte slutte å lese, og ligge heilt stille under dyna og prøve å tenke på hyggelege ting. Den mørke stova låg utanfor og var frykteleg skummel.
Eg las ut boka i dag tidleg. Og jammen kjente eg ikkje at eg var ganske skvetten då eg gjekk i dusjen - i fullt dagslys!
Så denne må du lese, Elin. Ser fram til å høyre kva du synest, Lille søster!
Eg ser dette som ei klår avbefaling av boka. Oh skrekk.
(Månen har fleire aldeles magiske trekk og eg går litt svanger med noko månemytologi til ei seinare bok. Så eg vil ikkje forstyrrast av ond månebok. Men eg har så mange bøker i magen og minst femti av dei blir det neppe noko av så treig som eg er.)
Absolutt, Avil! Du kan jo lese denne etter at du har fått nedteikna denne månemytologien din! Eg trur nok det vil bli såpass forskjellig (dette er jo meir i science fiction-kategorien) at det ikkje vil forstyrre deg på sikt.
Forfattar og historikar, som har skrive fleire historiske romanar for ungdom og vaksne, og sakprosabøker for barn og unge. Mi første novellesamling for vaksne kom i september 2023 og fekk tittelen Eg rissa desse runene. I januar 2025 kom mi niande bok og tredje ungdomsroman, Før det blir morgon
9 kommentarer:
Jeg leser også Darlah, har akkurat begynt, så jeg vet ikke helt hvordan den er ennå.
Den har jeg kjempelyst til å lese!
Urk.
Eg blei så mørkeredd i natt at eg berre måtte slutte å lese, og ligge heilt stille under dyna og prøve å tenke på hyggelege ting. Den mørke stova låg utanfor og var frykteleg skummel.
Eg las ut boka i dag tidleg. Og jammen kjente eg ikkje at eg var ganske skvetten då eg gjekk i dusjen - i fullt dagslys!
Så denne må du lese, Elin. Ser fram til å høyre kva du synest, Lille søster!
Det høres ut som boka er verdt og lese ja. Kanskje blir det litt i for meste laget å lese "Jeg skal vise dere frykten" av Frobenius i tillegg..
Hehe. Kan kanskje vere greitt å heller balansere litt, ja.
Eg ser dette som ei klår avbefaling av boka. Oh skrekk.
(Månen har fleire aldeles magiske trekk og eg går litt svanger med noko månemytologi til ei seinare bok. Så eg vil ikkje forstyrrast av ond månebok. Men eg har så mange bøker i magen og minst femti av dei blir det neppe noko av så treig som eg er.)
Absolutt, Avil!
Du kan jo lese denne etter at du har fått nedteikna denne månemytologien din! Eg trur nok det vil bli såpass forskjellig (dette er jo meir i science fiction-kategorien) at det ikkje vil forstyrre deg på sikt.
Korleis går det?
Tenk at bak den dølle tittelen kan det gjemme seg ei bok som gjør folk skvetne.
No kan det jo hende du er tøffare enn meg, Sesselja, men eg blei iallfall mørkeredd sjølv om det var lyst ute.
Legg inn en kommentar