16. desember 2008

Digi-digi-digi!

Ein typisk tenori-on
I går var eg igjen på besøk i A´s fantastiske digi-verkstad på Grünerløkka lufthavn, der det bugnar av alskens morosame digitale leiker (+ nokre analoge, som eit lite svensk trøorgel som liknar på eit skatoll når loket er nede). Sist eg var der var det morosame japanske instrument som stod for tur, som å spele på tenori-on, til dømes, ein heilt fantastisk digital musikkskjerm-synth som blenkar og styrar og berre er fin. Og på gårsdagens program stod det: Buttons-laging!

Eg hadde eigentleg ikkje tenkt så mykje over kor lyst eg faktisk har til å lage mine eigne buttons (eller jakkemerke, som det heiter på norsk) før eg var på besøk der førre veke, men når eg først skjønte at det var muleg, innsåg eg at eg hadde frykteleg lyst!

Og for nokre fine buttons eg laga! Eg fekk teikne i photoshop på ein kjempelur teikneskjerm, og etterpå printa vi ut teikningane og eg fekk trykke og skjere og klemme buttonsane sjølv (med litt hjelp av verkstadeigaren). Og det var frykteleg kjekt!

Eg skal sjå om eg ikkje får lagt ut nokre bilete her i bloggen om litt. Det er nesten så eg lurer på om eg må kjøpe meg ein buttonsmaskin sjølv! Og kan eg eigentleg leve utan teikneskjerm? Eller tenori-on? Dette kan bli ei dyr jul!

4 kommentarer:

Lille søster sa...

Har ikke hørt om slikt før jeg!

Aina Basso sa...

Nei, det hadde ikkje eg heller før for kanskje ein månad sidan.

Ein teikneskjerm er ein "vanleg" dataskjerm som fungerer som eit teiknark. Du bruker ein digital penn og teiknar på eit digitalt ark. Veldig kjekt!

Ein tenori-on er ein synth, eller ein musikalsk dings (som ein kan kalle det), med knappar på fronten, som lyser når du trykker dei inn. Du trykker inn dei knappane du vil, så lagast (og lagrast) melodiar. Du kan velje lydar, rytmer o.l. Veldig fint! Så går musikken i loop. Du kan også transponere heile greia dit du vil, til andre toneartar. Og du kan stille inn kva slags skalaer du vil ha, m.m.
Det er ei lita musikkdatamaskin!

Men buttons har du vel høyrt om!

Lille søster sa...

Høres kult ut! Skal høre med mannen min om han har hørt om noe slikt, han blir så hekta på slike duppedingser.
Og ja, buttons har jeg faktisk hørt om.

Aina Basso sa...

Ja, gjer det. Og fortel meg om han fall for ideen!

Hehe, bra du har høyrt om buttons, iallfall! Puh.